Hopp til innhold

Fylkesmannen opnar tilsynssak etter trippeldrapa

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane opnar tilsynssak mot Årdal kommune etter trippeldrapet på Valdresekspressen måndag.

Huset hvor den bussdrapsiktede bodde i Årdal

OPPRETTAR TILSYNSSAK: Fylkesmannen har no oppretta tilsynssak mot Årdal kommune etter trippeldrapet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fylkeslege Per Steinar Stensland

VIL GRANSKE: Fylkeslege Per Steinar Stensland seier det er viktig å kartleggje kva helsetenester den sikta mannen har fått.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Målet er å avklare og vurdere kva helse- og omsorgstenester asylsøkjaren som er skulda for ugjerninga har fått, og kva helse- og omsorgstenester asylsøkjarane som oppheld seg i Årdal får.

Fylkeslege Per Stensland seier at sidan saka er så alvorleg, er det av stor offentleg interesse å avklare kva type helsetenester den sikta asylsøkjaren har fått.

– Difor ønskjer vi å avklare om kommunen har gitt forsvarlege helsetenester og om kommunen har sørgja for at asylsøkjarar blir tilbydde naudsynte helsetenester, seier fylkeslege Per Stensland til NRK.no.

– Har de fått noko press på dykk om å opprette tilsynssak?

– Nei, det har vi ikkje fått. Eg vil understreke at vi heller ikkje har fått uromeldingar frå nokon. Vi har heller ikkje fått klager på helseteneste i Årdal. Men vi meiner det på bakgrunn av hendinga, å undersøkje kva helsetenester mannen har fått, seier han.