Hopp til innhold

Fengselsdirektøren om utanlandske innsette: – Vi blei tatt på senga

Inntoget av utanlandske kriminelle i norske fengsel får mykje av skulda for at fengselskapasiteten er sprengt og at soningskøane veks. – Ingen av oss kunne forutsjå den kraftige auken, seier direktøren i Kriminalomsorgen.

Marianne Vollan, direktør, Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)

FULLE HUS: Kriminalomsorgen har stort sett fulle hus til ei kvar tid. Fengselsdirektøren seier auken i utanlandske innsette er mykje av årsaka til at kapasiteten i norske fengsel er sprengt.

Foto: Simon Solheim / NRK

Talet på utanlandske innsette i norske fengsel har nærast tredobla seg på ti år, og andelen utanlandske aukar stadig.

– Den kraftige auken vi har hatt i utanlandske innsette har ein direkte konsekvens på størrelsen på soningskøen og at kapasiteten er sprengt, seier Marianne Vollan, direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) til NRK.

– Kom brått på oss

NRK har kartlagt fengselsbefolkinga i Norge. Vi har sett på kva statsborgarskap dei innsette hadde og kva type kriminalitet dei sat inne for.

Marianne Vollan, direktør, Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)

SLÅR ALARM: – Vi har behov for auka kapasitet. Vi treng fleire fengselsplassar. Det er vår tur no, seier Marianne Vollan, direktør i Kriminalomsorgen.

Foto: Simon Solheim / NRK

Vår kartlegging viser mellom anna at nær halvparten av dei som sit i fengsel for narkotikalovbrot per 20. august 2014 er utanlandske statsborgarar. Ifølgje Kriminalomsorgen sit utlendingane jamt over lenger i fengsel enn norske statsborgarar, fordi dei ofte begår meir alvorleg kriminalitet.

Sjølv om stadig fleire utanlandske kriminelle blir sendt ut av Norge og må sone i heimlandet, aukar andelen utenlandske innsette i norske fengsel.

– Ingen av oss kunne forutsjå at det ville bli ein så kraftig auke i utanlandske kriminelle. Det kom brått på fleire av oss. Vi har blitt tatt litt på senga.

– Vi har heilt fulle hus. Alle dei lukka anstaltane våre har nærast 100 prosent belegge til ei kvar tid. Situasjonen er alvorleg og kritisk. Det er krevjande både for dei innsette og dei tilsette når viå køyre med så sprengt kapasitet over så mange år, seier Vollan.

Den 20. august 2004 var det 566 utanlandske bak murane i Norge. I dag er talet 1268. Kvar tredje fange er i dag utanlandsk statsborgar.

Ifølgje Kriminalomsorgen sit utlendingane også jamt over lenger i fengsel enn norske statsborgarar, fordi dei ofte begår meir alvorleg kriminalitet som gir lange dommar.

Kriminalomsorgen slår no alarm:

– Vi har behov for auka kapasitet. Vi treng fleire fengselsplassar. Det er vår tur no, seier ho og legg til:

– Mange utanlandske sit varetektsfengsla, men vi slit ofte med å finne ledige plassar. Vi klarer som regel å finne plassar, men ikkje alltid. Det må vi bare vedgå.

– Betyr det at personar som burde vore fengsla får gå fri?

– Ja, det kan skje. Men vi klarer stort sett å finne plassar, men vi må ofte leite godt og grundig. Mange tiltak er satt i gang for å betre situasjonen, mellom anna heimesoning med elektronisk kontroll og at to fangar må dele ei celle, men det hastar med å få fleire lukka fengselsplassar.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Fengselsbefolkning - per 20. august 2014

Mest representerte land etter Norge:

Land

Tal innsatte

Polen

155

Litauen

131

Romania

128

Somalia

56

Per 20. august 2014. Kjelde: Kriminalomsorgen

Her er nokre av funna i NRKs kartlegging:

  • Sju av ti av dei utanlandske statsborgarane som blir fengsla, har liten eller ingen tilknytning til Norge.
  • 33 prosent av dei som sit i fengsel i dag, er ikkje norske statsbogarar, altså kvar tredje.
  • Omlag halvparten av dei som sit inne for narkotikalovbrot, er utanlandske statsborgarar.
  • Kvar tredje innsett som sit inne for valdtekt, er utanlandsk statsborgar.
  • Andelen rumenske statsborgarar har auka kraftig. Er i dag den tredje mest respresenterte utanlandske nasjonen i norske fengsel. Per 20. august 2004 var det ingen rumenarar i fengsel i Norge. I dag er talet 128.
  • 46 av 195 kvinner som sit inne per 20. august 2014 er utanlandske statsborgarar.

Har blitt ein flaskehals

I Ullersmo fengsel er 121 av totalt 190 innsette utanlandske statsborgarar. Fungerande fengselsdirektør Bernt Nordhaug meiner dei har blitt ein flaskehals i straffesakskjeden, og at auken i utanlandske innsette er mykje av grunnen. Men han meiner også politikarane har eit ansvar:

– Det har blitt gitt ganske store ekstraløyvingar til andre delar av justissektoren. Det har blitt gitt store bevilgingar til politiet og domstolane, utan at Kriminalomsorgen har fått det tilsvarande. Vi har difor blitt ein kork i dette systemet, seier Nordhaug.

Han får støtte av sjefen sin, Marianne Vollan:

– Situasjonen er kritisk. Dersom situasjonen held fram, vil soningskøane halde fram å auke, og det er noko vi ikkje ønskjer, seier Vollan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel

FLASKEHALS: Direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel seier Kriminalomsorgen har blitt ein flaskehals i straffesakskjeden.

Foto: Simon Solheim / NRK

Justisministeren: – Må byggje fleire plassar

Mannen som har ansvaret og som kan sørge for at Kriminalomsorgen får det dei vil, justisminister Anders Anundsen (Frp), vil ikkje røpe om det kjem meir pengar i statsbudjettet som blir lagt fram førstkommande onsdag.

Han er samd i at Kriminalomsorgen har store problem:

Anders Anundsen

HAR ANSVARET: Justisminister Anders Anundsen skildrar situasjonen som alvorleg og utfordrande, men vil ikkje love meir pengar til Kriminalomsorgen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Kriminalomsorgen har blitt ei ganske alvorleg propp i straffesakskjeden. Det har blitt kritisk vanskeleg å skaffe varetektsplassar, noko som ofte betyr at personar som burde vore fengsla får gå fri fordi det ikkje er ledig kapasitet. Det er ein heilt uhaldbar situasjon.

– Men du har ansvaret?

– Ja, eg har ansvaret for å løyse desse utfordringane. Det er synd at dette ikkje har blitt fokusert på tidlegare. Vi har ikkje hatt netto auke i fengselskapasiteten dei siste åtte åra. Dette er ei utvikling som har gått over lang tid, seier Anundsen.

– Problema har bare blitt større og større og større. Til hausten blir det lagt fram ei eiga stortingsmelding om dette problemet, noko som vil heve fokuset på Kriminalomsorgen.

– Men kva konkret vil du gjere?

– Det er eigentleg bare ein ting å gjere, og det er å byggje fleire fengselsplassar. Det burde vore politisk vilje til dette tidlegare. Det er ingen overrasking at vi har dei utfordringane vi har.

– Så det blir meir pengar til Kriminalomsorgen i neste statsbudsjett?

– Det er viktig å understreke at regjeringa tek problema på alvor. Vi må sikre balanse i straffesakskjeden. Politiet har fått mykje. Det same har domstolane. Vi må bidra med meir ressursar til alle delane i straffesakskjeden.

Regjeringa jobbar også med ein avtale med Nederland, om leige av fengselsplassar. Dette vil ifølgje Anundsen hjepe på kort sikt, men han seier det berre er ei løysing på problemet på lang sikt - nemleg å byggje fleire fengselsplassar i Norge.

AKTUELT NÅ