Hopp til innhold

– Syriske flyktningar bør bidra i krigen i Syria

Om det blir ein bakkeinvasjon, bør vi trene opp syriske flyktningar som har kome hit, slik at dei kan dra tilbake og kjempe for heimlandet, seier Christian Tybring-Gjedde.

Christian Tybring-Gjedde

Christian Tybring-Gjedde meiner dei syriske flyktningane som kjem hit bør få militærtrening slik dei kan krige i heimlandet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er deira land vi snakkar om, og dei har ein sterk motivasjon fot at landet blir frigitt og får eit demokrati, seier Tybring-Gjedde i Politisk Kvarter torsdag morgon.

Forsvarspolitisk talsperson i Frp, Christian Tybring Gjedde, meiner dei syriske flyktningane som kjem til Noreg bør få militær trening her i Noreg. Deretter bør dei reise ned og kjempe for landet dei flykta frå.

Det skriv Dagbladet i dag.

Han seier at syrarane har språkkunnskapane, dei er lokalkjente og har alt dei treng for å drive krigen.

Men han understrekar at dette sjølvsagt skal vere heilt frivillig.

Gate i Homs avbildet 6. august 2013

Syrarane som eventuelt får opplæring vil kunne kjempe i borgarkrigen, meiner Tybring-Gjedde.

Foto: YAZAN HOMSY / Reuters

– Krigen vil endre seg heilt

USA har sendt ein førespurnad om norske militære bidrag i Syria. Det har fått ei lunken mottaking i Frp.

– Norge er eit relativt lite land med eit relativt lite forsvar, seier stortingsrepresentant Tybring-Gjedde.

Men dersom han får viljen sin, blir dette ein annleis krig, seier han.

– Dei skal ikkje krige på vegner av Noreg, men som syriske statsborgarar. Dette er snakk om ein borgarkrig. Då blir det ikkje oppfatta som ein invasjon og provokasjon i same grad, fordi det faktisk er deira land, seier han til NRK.

Han dreg parallellar til andre verdskrig, der nordmenn som flykta frå landet reiste til Storbritannia og dreiv militær opplæring der for å nedkjempe nazismen.

– Bør ikkje gi våpen til traumatiserte menneske

Mani Hussaini, leiar i AUF, kom til Noreg som syrisk flyktning. Han meiner dette er eit svært dårleg forslag.

– Eg ville ha vore forsiktig med å gi våpen til traumatiserte menneske som har opplevd krig i fem år, og som kanskje ønsker å hemne seg på militære grupper eller presidenten.

Mani Hussaini

Leiar i AUF, Mani Hussaini, er svært kritisk til forslaget, og åtvarar mot å gi traumatiserte menneske militæropplæring.

Foto: Kristoffer Klunk / AUF

Han synest det er feil å sende menneske tilbake til dei krigsområda dei nettopp har flykta frå.

– Sender soldatar, ikkje flyktningar

Tybring-Gjedde seier at det er berre syrarar som kan byggje opp Syria.

– Flyktningane skal trenast opp til å bli soldatar, vi sender ikkje uerfarne flyktningar tilbake for å krige, det ville vere ufornuftig, meiner Tybring-Gjedde.

– Men dei har jo vore flyktningar, sidan dei kom til Noreg?

– Ja, men dei er ikkje flyktningar etter at dei får vern, meiner Tybring-Gjedde.

Mani Hussaini i AUF er einig med Tybring-Gjedde i at det er syrarane som må byggje opp landet sitt. Men han er i tvil om vi i det heile tatt skal bidra militært.

– Eg meiner vi må sende kompetente til å gjere den jobben.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger