Hopp til innhold

– Kvittar seg med dei brysame

Bedrifter i oljeindustrien nyttar nedgangstidene til å kvitta seg med brysame, uproduktive og langtidssjukmeldte, framfor å halde seg til ansiennitetsprinsippet. Det hevdar LO-forbundet Industri Energi.

ekofisk

Advokat Eyvind Mossige i LO-forbundet Industri Energi teiknar eit lite flatterande bilete av ein del arbeidsgjevarar han har kome tett på i saker med påstått usakleg oppseiing i oljeindustrien.

Foto: Industri Energi

Advokat Eyvind Mossige i LO-forbundet Industri Energi hyrer no inn fleire juristar for å ta hand om ein klar auke i konfliktsaker i bransjen. Han stadfestar at påstandar om usaklege oppseiingar er på veg mot rettssalen.

– Arbeidsgjevarane vil ofte nytta høvet til å kvitta seg med det dei kaller uproduktive tilsette, folk som har høgare fråver enn andre, og tilsette som det kanskje kan vera vanskeleg å samarbeida med.

Han teiknar eit lite flatterande bilete av ein del arbeidsgjevarar han har kome tett på i saker med påstått usakleg oppseiing i oljeindustrien.

Advokat Eyvind Mossige

Advokat Eyvind Mossige i LO-forbundet Industri Energi.

Foto: Industri Energi

– Dette dreier seg om arbeidsgjevarar sine vurderinger, og dei har sine tankar om kven dei ønskjer å kvitta seg med. Dette gjenspeglar seg i dei sakene vi fører for domstolen, seier han.

På den juridiske avdelinga i Industri Energi er kapasiteten sprengt, og Mossige må no henta inn ekstra juridisk hjelp frå eksterne advokatkontor.

– Eg fekk akkurat no inn ei ny sak om oppseiing av ein person som har vore sjukmeldt i over eitt år. Han ville nok vore tilbake i jobb igjen dersom han hadde fått tilrettelagt arbeid, men arbeidsgjevar ville ikkje det, sier Mossige.

Han seier at den typiske usaklege oppseiinga er fråvik frå ansiennitetsprinsippet.

Kurs om nedbemanning

LO-forbundet Industri Energi informerer medlemene sine om kurs for dei som er ramma av nedbemanning i oljeindustrien.

Kommunikasjonsdirektør Tommy Hansen i Norsk Olje og Gass er ikkje samd i at bedrifter kvittar seg med dei uproduktive.

– Nei, vi kjenner oss ikkje igjen i den påstanden. Vi har måtta takka av mange dyktige medarbeidarar i denne industrien. Då vil det vera slik at nokon føler at dette har vore urettvist eller det har oppstått misforståingar eller konfliktar. Men det er svært få saker i forhold til den størrelsen vi nå har vore gjennom, seier han, og avviser at bedrifter nyttar høvet til å kvitta seg med brysame folk.

Han seier Norsk Olje og Gass har eit klart råd til medlemsbedriftene om å følgja avtaleverket:

– Det blir gjort ei god og seriøs vurdering i alle desse prosessane. Her er det ingen lettvinte løysingar. Vi håpar på gode løysningar for kvar enkelt, men kan sjølsagt ikkje utelukka at det blir saker for retten.

AKTUELT NÅ