Hopp til innhold

Trugar kommunane med erstatningskrav

Forsikringsbransjen gjev kommunane mykje av skulda for aukinga av flaumskadar. No trugas kommunane med erstatningskrav og kundane med høgare forsikringspremiar.

Nidelva flom

KRAFTIG AUKE I FLAUMSKADAR: – Sidan 2011 har talet på erstatningar etter flaumskadar skote i vêret, seier leiar i DNB Skadeforsikring, Hans Petter Madsen.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

Dårlege reguleringsprosessar, manglande oppgradering av kloakk- og avløpsinfrastruktur og dårleg planlegging må ta ei stor del av skulda for den store auken av flaumskadar, slår DNB Skadeforsikring fast.

LES OGSÅ: Åtvarar om mykje nedbør og flaumfare

Flaum av skadesaker

Onsdag vart det meldt inn over 1000 skader til forsikringsselskapa etter flaumen på Aust- og Sørlandet dei siste to dagane. Skadeomfanget er venta til å ligge på 100 millionar kroner.

– Sidan 2011 har talet på erstatningar etter flaumskadar skote i vêret, Resultatet kan bli erstatningskrav mot kommunane, og på sikt kan det bety høgare premier for kundane, seier Madsen, seier leiar i DNB skadeforsikring, Hans Petter Madsen.

LES OGSÅ: Forsikringsselskap må gjette hvor mye ras- og flomutsatte kunder skal betale

Enkelte område skulle aldri ha vore regulert for utbygging

leiar i DNB skadeforsikring, Hans Petter Madsen

– Kommunane sviktar i planlegginga

Han seier at dei ser ein trend i samband med flaum i byane, der kjellarar og liknande vert overfylt, eller at bilar som står parkert vert skadde.

Ofte kjem det av sviktande kommunal infrastruktur der flaumskadar skjer som følge av avløp og kloakk ikkje klarer å ta unna vatnet, seier han.

Hans Petter Madsen, DNB.

Leiar i DNB Skadeforsikring, Hans Petter Madsen, er kritisk til det han meiner er dårleg planlegging med å førebygge flaumskadar.

Foto: DNB

– Mange område som er regulert til bustad- eller næringsformål ligg svært utsett til, og kommunane sviktar alt for ofte i reguleringsprosessar, seier Madsen.

Madsen meiner at kommunane legg bustader og næringsbygg alt for nær elvar og innsjøar.

Mange område som er regulert til bustad- eller næringsformål ligg svært utsett til

leiar i DNB skadeforsikring, Hans Petter Madsen

– Kommunane har ansvaret for at avløpssystemet fungerer, men mange stader er sluk og avløpsleidningane kraftig underdimensjonert eller dårleg vedlikehaldne.

LES OGSÅ: Slik sikrer du deg mot flom

Vatnet vil kome tilbake

Eit kjenneteikn ved flaumskadar er at dei vil skje igjen på akkurat same plass.

– Bur du i eit bustadområde eller nabolag der det har vore problem med flaum, så kan du rekne med at det vil skje igjen, seier leiar i DNB Skadeforsikring, Hans Petter Madsen.

Han er kritisk til at hus som vert øydelagde i flaum vert bygt opp att, for så å verte råka av flaum igjen.

– Enkelte område skulle aldri ha vore regulert for utbygging, meiner Madsen.

LES OGSÅ: Venter flere titalls millioner i flomskader

Departementet ikkje overraska

Statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Jardar Jensen (H), er ikkje overraska over forsikringsbransjens ynskjer om auka forsikringspremiar.

– Det er jo slik forsikringssystemet fungerer. Når dei får større rekningar må dei finne utvegar for å betale sine utgifter, og da går rekninga til oss.

– Kva tenker departementet om at kommunane kan få erstatningskrav etter alle flaumskadane?

Det skal kun bygges i områder hvor sikkerheten er tilstrekkelig ivaretatt

Statssekretær i kommunal- og moderniseringsdepartementet, Jardar Jensen (H)

– Det har eg ikkje lyst til å ta stilling til. Den saka vil i så fall gå i rettssystemet med regresskrav, og den prosessen ynskjer eg ikkje å forskottera, svarar Jardar Jensen.

LES OGSÅ: Å leve med regnvær

– Innbyggjarane betalar

– Kan det bli aktuelt å tilføre kommunane ekstra midlar?

– Det har vi ikkje vurdert enno, men dersom det kjem krav må vi stilling til det. Kommunane får i utgangspunktet ikkje eigne midlar til denne typen infrastruktur, og dette blir gjennomført etter selvkostprinsippet. Det vil si at innbyggjarane betalar kostnadene. Kommunane kan verken subsidiere eller tene pengar på dette, seier Jardar Jensen.

Etter dei nye reguleringsbestemmelsene i Plan- og bygningsloven trådde i kraft 2008 er kommunane forplikta til å gjennomføre risiko- og sårbarhetsanalyse for de områda som skal byggjast ut.

– Det skal berre byggjast i område kvar tryggleiken er tilstrekkeleg varetatt, påpeiker statssekretæren.

LES OGSÅ: 180 millioner til flom- og skredsikring

AKTUELT NÅ