NRK Meny
Normal

Åtvarar om mykje nedbør og flaumfare

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut flaumvarsel måndag og tysdag. Det er venta lokalt mykje nedbør både i Agder-fylka og Telemark.

Kraftig regn

Meteorologisk institutt melder om mykje nedbør i Agder og Telemark måndag og tysdag. NVE har sendt ut flaumvarsel for dei same dagane.

Foto: Lise Åserund / Scanpix

– Det er fleire lågtrykk som trillar forbi oss. Slik det ser ut no vil det eigentleg regne kontinuerleg til utpå tysdag, seier statsmeteorolog Nina Larsgård til NRK.

Nina Elisabeth Larsgård

Vakthavande statsmeteorolog Nina Larsgård.

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt har sendt ut eit obs-varsel med mykje nedbør. Der går det fram at det kan komme mellom 30 og 70 millimeter nedbør måndag.

Tysdag kan det komme lokalt 50 til 80 millimeter nedbør.

Har sendt ut flaumvarsel

– Det ser ut til å bli mest nedbør natt til tysdag. Det blir nok litt bygepreg, men medan fronten passerer vil det regne jamt og trutt, seier Larsgård.

NVE sitt flaumvarsel er på gult nivå. Det betyr på nivå 2 av 4. Ved oransje nivå, som er neste trinn, skal både Fylkesmannen, Vegtrafikksentralen og Meteorologisk institutt varslast.

Førebels er det Agder-fylka og Telemark som ser ut til å få mest nedbør. Men statsmeteorologen ser ikkje bort frå at også andre fylke kan bli våte.

– Det varierer litt i prognosane. Det kan komme ein del nedbør i Vestfold og Buskerud tysdag, men ikkje så mykje som i Agder-fylka og i Telemark, seier Larsgård.

Skader for 400 millionar

Det er ikkje meir enn litt over ei veke sidan store nedbørsmengde skapte store øydeleggingar på Austlandet.

Vegar vart stengde, folk fekk vatn inn i kjellarane sine og Bergensbana vart stengd på grunn av ras.

Fredag kom det fram at flaumen gjorde skader fleire hundre millionar kroner. Til no er det meldt inn 3000 skader.

Kostnadene er så langt 400 millionar kroner, men beløpet er venta å stige.

Sjå flaumbilete frå Vestfold 2. september: