Hopp til innhold

Gjødseltjuveriet var misforståing

Det «stolne» kunstgjødselet i Kristiansund var berre seld til ein kunde, utan at det var registrert. Bensinen er derimot framleis sakna.

Felleskjøpet i Kristiansund

PST vart kopla inn då Felleskjøpet i Kristiansund oppdaga at nokon hadde stelt gjødsel og bensin frå dei. No trur politiet at det kanskje ikkje har skjedd eit kunstgjødseltjuveri i det heile.

Foto: Hans Christian Brændeland

Det melder Nordmøre og Romsdal politidistrikt kring kl. 15.00 onsdag ettermiddag.

Tysdag i 13-tida vart det meldt frå om at over 1200 kilo fullgjødsel og 325 liter bensin hadde blitt stole frå ein container ved Felleskjøpet ved Løkkemyra i Kristiansund.

Felleskjøpet i Kristiansund

Politiet gjorde tysdag undersøkingar på Felleskjøpet i Kristiansund etter ei melding om at 1,2 tonn gjødsel og fleire liter bensin hadde blitt stole frå ein container.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Politiets tryggingsteneste (PST) vart rutinemessig kopla inn i saka.

No viser det seg at det «stolne» kunstgjødselet i Kristiansund var berre seld til ein kunde, utan at det var registrert. Det stadfestar Nordmøre og Romsdal politidistrikt i ei pressemelding.

Saknar framleis bensinkannene

Dei 325 litera med bensin er derimot framleis sakna. Politiet melder i pressemeldinga at dei ønskjer tips frå publikum for å finne desse.

– Det dreier seg om røde og blå femliterskanner med grøn topp, seier politimeister Arnstein Nilssen.

Innbrotstjuvane skal ifølge politiet ha klipt hol i eit gjerde, og bana seg i veg inn i ein lagringscontainer.

– Det kan tyde på at tjuvane visste kva som var i containeren, sa kriminalavdelingssjef Alf Rune Rolland på politistasjonen i Kristiansund til Tidens Krav tysdag ettermiddag.

Av bensin vart det stole små dunkar med miljøvennleg 2-takts bensin som ein vanlegvis brukar på motorsager.

Vil ikkje uttale seg

Randi Dyrnes

Administrerande direktør i Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal, Randi Dyrnes, vil ikkje uttale seg til pressen før politiet har konkludert i saka.

Foto: Felleskjøpet

NRK har også vore i kontakt med administrerande direktør Randi Dyrnes i Felleskjøpet Nordmøre og Romsdal. Dyrnes seier at ho ikkje ønskjer å uttale seg om saka.

Dyrnes har tidlegare uttalt til NRK at det ikkje er fare for at den stolne gjødsla kan brukast til sprengstoff på grunn av det låge nitrogeninnhaldet.

– Nitrogeninnhaldet i dei stolne sekkane skal vere på 16,3 prosent, noko som svarar til nivået til vanleg hagegjødsel. Det skal dermed ikkje vere fare for at gjødsla kan brukast til noko farleg, sa ho til NRK tysdag.

Per Nergaard, leiar for tryggleik og kriseberedskap i Norsk Folkehjelp, seier derimot til Tidens Krav at 16 prosent nitrogen er nok.

– Har ein rikeleg med tid, og er veldig oppteken av å få det til, er det fullt mogleg å lage bombe av ein slik type gjødsel. Men vi får håpe at det berre var ein bonde med dårleg råd som fann ei moglegheit for å skaffe seg gjødsel, seier han til avisa.