Hopp til innhold

PST kopla inn etter gjødseltjuveri

1,2 tonn gjødsel og 325 liter bensin har blitt stole frå ein container ved Felleskjøpet i Kristiansund.

Felleskjøpet i Kristiansund

Store mengder gjødsel og bensin har blitt stole frå ein låst container ved Felleskjøpet i Kristiansund.

Til Tidens Krav opplyser Alf Rune Rolland på politistasjonen i Kristiansund at Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) har blitt kopla inn i saka.

– Både gjerdet og hengelåsen var klipt opp. Det kan tyde på at tjuvane visste kva som var i containeren, seier han til avisa.

Politiundersøking

Politiet fekk melding om innbrotet litt over klokka 13 tysdag. Politiinspektør Ove Brudevoll seier til NRK at politiet førebels ikkje har nokon mistenkte i saka, men at dei har folk på staden for å sikre spor.

– Førebels er det berre snakk om ei vanleg politiundersøking, seier han.

– Kvifor har PST blitt kopla inn?

– Det er ei rutinesak. Inntil vidare har dei berre fått melding om kva som har skjedd, så får vi ta det derfrå når vi har fått henta inn meir informasjon.

– Gjødsla er ufarleg

Randi Dyrnes

Administrerande direktør Randi Dyrnes trur ikkje den stolne gjødsla kan bli brukt til farlege formål. Verre er det med bensinen som også vart stolen frå Felleskjøpet.

Foto: Felleskjøpet

Til NRK seier administrerande direktør i Felleskjøpet, Randi Dyrnes, at det ikkje er fare for at gjødsla kan bli brukt til sprengstoff.

– Nitrogeninnhaldet i dei stolne sekkane skal vere på 16,3 prosent, noko som svarar til nivået til vanleg hagegjødsel, seier ho. – Det skal dermed ikkje vere fare for at gjødsla kan brukast til noko farleg.

Dyrnes seier at ho ikkje veit kvifor PST har blitt kopla inn.

– Likevel er det jo ikkje hyggeleg når til dømes bensin, som er farleg i seg sjølv, vert stelt frå oss, seier ho.

Politiet har ingen mistenkte, og ber om tips i saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL