Hopp til innhold

To bilar kolliderte

Ein person er sendt til sjukehus etter at to bilar har kollidert på europavegen ved Lønset i Molde. Tilsaman tre personar sat i dei to bilane, og ambulansepersonell vurderer om fleire treng medisinsk hjelp. Vegen var stengt til bergingsbilen fekk fjerna dei kollisjonsskadde bilane, som stod midt i vegen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL