Hopp til innhold

Studentane fortvilar over renteauke

Norsk studentorganisasjon rasar mot renteauken på studielånet. – Feil at studentane skal vere inntektskjelde for staten, seier velferdsansvarleg Kristian Myhre.

Kristian Myhre

Velferdsansvarleg i Norsk Studentorganisasjon, Kristian Myhre frå Molde, er bekymra over renteauken på studielånet.

Foto: NSO

Samtidig som regjeringa auka studiestøtta frå 9400 kroner i månaden til 10 100 kroner, skrur dei opp rentene på studielånet. Frå nyttår vart rentene i Lånekassen sett opp, etter at Stortinget vedtok å auke rentepåslaget med 0,25 prosentpoeng.

Velferdsansvarleg i Norsk studentorganisasjon, Kristian Myhre frå Molde, meiner politikarane tek frå fattige studentar for å finansiere lovnadane sine.

– Regjeringa er fornøgde med å ha auka studiestøtta, men slik vi ser det er det studentane som må betale for denne auken sjølve gjennom at dei må betale tilbake meir studielån til staten.

– Studentane burde heller hylle regjeringa

Studentane slepp ikkje jubelen laus, trass i at studiestøtta har auka med 700 kroner i månaden.

– Når ein samtidig skrur opp renta, er det vanskeleg å skryte av at det har vore ein veldig god auke på studiestøtta, poengterer Myhre i Norsk Studentorganisasjon.

Gjermund Hagesæter, som sit i finanskomiteen på Stortinget for Fremstegspartiet, synest derimot at studentane burde juble.

– Studentane kjem særdeles gunstig ut i dette statsbudsjettet, så dei skulle eigentleg ha sprunge rundt i fakkeltog og hylla regjeringa heller enn å klage på renta.

Gjermund Hagesæter

Gjermund Hagesæter (Frp) meiner at studentane heller burde juble.

Foto: NRK

– Vi skal ikkje vere ei inntektskjelde

Hagesæter viser til at regjeringa i tillegg har prioritert å byggje 2000 studentbustadar i år, samt auka frikortgrensa slik at studentar kan tene 50 000 kroner utan å betale skatt.

– Det er attraktivt å vere student i Noreg og det blir endå meir attraktivt framover, så dette er veldig positivt.

Frp-politikaren peikar på at tilbodet frå Lånekassen aldri har vore så gunstig som no, med ei rente på 2,5 prosent før skatt, og at dette ikkje skal betalast tilbakefør ein er ferdig å studere.

Staten tener 200 millionar kroner på å auke renta på studielånet og Myhre synest det er feil at studentane skal verte ei inntektskjelde for staten.

– Kunnskapssamfunnet kostar pengar, slik er det, og då må staten vere villige til å legge noko i det også.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL