Hopp til innhold

Store husskadar etter brann

Kjøkkenet i ein einebustad i Tingvoll sentrum har fått store skadar etter ein brann fredag kveld.

Brannbil illustrasjon Scanpix
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Det var fare for at brannen skulle spreie seg til resten av huset, men brannmannskapet fekk raskt kontroll på brannen.

Tre tenåringsgutar på 14 og 15 år var i huset då brannen starta, men alle kom uskadd frå ulykka. Ifølgje politiet er årsaka truleg at dei gløymte tida då dei laga mat.

Både brann, politi og ambulanse rykte ut då meldinga kom kl 18.38. Rutinemessig vil dei tre tenåringsgutane no bli teke inn til samtale med politiet for å høyre kva som er blitt gjort, og ikkje gjort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL