Hopp til innhold

Stor brann i vegetasjonen i Halsa

Brannen er under kontroll ved Måsvatnet i Halsa melder politet 22.20. Det bur ikkje folk i nærområdet.

Brann Halsa

Det brenn ved Måsvatnet i Halsa på Nordmøre.

Foto: NRK-tipsar

Laster Twitter-innhold



– Helikopteret har nettopp landa, og vi har fått på plass det mannskapet som trengst for å setje gang arbeidet med sløkkinga, opplyser brannmeister Sindre Furnes i 110-sentralen til NRK like før klokka 21.

Brannen ved Måsvatnet starta langt frå næraste veg, så mannskap måtte gå for å ta seg fram til staden.

Fryktar at brannen kan spreie seg

– Det er ikkje store området som brenn, men det bles ein del så vi fryktar at brannen kan spreie seg, seier 110-operatør Åge Henriksen til NRK.no klokka 18.52. Han legg til at dei har brukt droner for å få oversikt over brannen, som starta i eit utilgjengeleg område utanfor allfarveg.

Klokka 17.40 sa han mannskapar var på veg til staden, men at dei måtte ta seg fram til fots.

– Det er ikkje lett å ta seg fram eit slikt terreng utan veg eller traktorveg, så det vert ein springmarsj, sa han.

Litt før klokka 19 var det framleis ikkje sikkert om mannskapet hadde nådd fram på grunn av manglande samband i området.

Manglar oversikt

– Når dei har kome fram vil dei i hovudsak jobbe med å få oversikt over brannen og spreiingsfaren. Om helikopter ikkje er tilstrekkeleg for sløkkinga, kan det også vere at dei må i gang med pisking, seier 110-operatøren.

Det har blitt undersøkt om det er bebudde hus og hytter i nærområdet av Måsvatnet der brannen starta.

– Førebels har vi ikkje fått inn meldingar om det, seier Henriksen.

Helikopter frå Bergen

Nordmøringane slit også med ein omfatttande brann ute av kontroll i Aure.

Det var i ein periode snakk om at eit helikopter frå Hovudredningssentralen måtte betjene begge brannane, men det er no avklart behovet er størst i Aure på grunn av busetnaden i området.

– Eit brannhelikopter er på veg frå Bergen og det er venta at det vil kome fram om 45 minutt til ein time, seier 110-operatør Åge Henriksen til NRK.no klokka 18.52.

Brann ved Måsvatnet i Halsa

Måsvatnet i Halsa på Nordmøre.

Foto: Skjermdump

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL