Hopp til innhold

Sperra av leikeplass etter funn av granat

Politiet sperra onsdag kveld av ein leikeplass under oppføring i Isfjorden i Rauma etter funn av ein granat-liknande gjenstand.

Funn av granat-liknande gjenstand i Rauma
Foto: Ottar Rydjord

Den granat-liknande gjenstanden ligg framleis på leikeplassen, godt synleg, og blir ikkje flytta derifrå før politiet er sikre på kva dette er. Gjenstanden kjem truleg frå ein byggeplass på Åndalsnes, opplyser politiet, og også denne er no avsperra.

– Vi er nøydde til å avklare kva dette er, og har bedt forsvaret om hjelp, seier operasjonsleiar Odd Nygård ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Den granat-liknande gjenstanden er ifølgje Nygård om lag 70 centimeter lang og 20 centimeter i diameter.

Vil unngå folk i området

Ein granat-liknande gjenstand blei funnen onsdag kveld

Den granat-liknande gjenstanden skal vere 70 centimeter lang og 20 centimeter i diameter, opplyser politiet.

Foto: Ottar Rydjord

Det var i 20-tida onsdag kveld politiet fekk melding om av ein person hadde funne ein granat-liknande gjenstand på leikeplassen, som er under oppføring i Isfjorden.

– Det var ingen som leika der i kveld. Ein av grunnane til at vi sperrar av området er at vi vil vere sikre på at ikkje nokon går inn i området, seier Nygård.

– Trur de det kan vere fleire granatar i området?

– Ja, vi er jo ikkje heilt sikre, for vi veit at det er køyrt ein del masse dit frå ein byggeplass på Åndalsnes. Vi er usikre på om det kan vere fleire gjenstandar der, og vi er også usikre på om det kan vere gjenstandar på byggeplassen, seier Nygård.

Får hjelp frå forsvaret

Politiet har sperra av leikeplass

Politiet vil unngå at folk kjem bort i det som kan vere ein granat på leikeplassen i Isfjorden i Rauma, og har sperra av området.

Foto: Ottar Rydjord

For då politiet kom til Isfjorden fekk dei opplysningar som tyder på at massen som er brukt til den nye leikeplassen, kjem frå ein byggeplass på Åndalsnes. Politiet trur difor at den granat-liknande gjenstanden kjem derifrå. No skal forsvaret forsøkje å gje svar på kva dette er.

– Vi har sendt over foto til forsvaret, og dersom det ikkje er tilstrekkeleg, kjem dei hit, seier Nygård. Han seier det er relativt vanleg at det blir funne slike gjenstandar, men ikkje så ofte at områda blir sperra av.

Møte med byggherre og kommune torsdag morgon

Torsdag morgon møter politiet byggherren frå Åndalsnes og Rauma kommune for å finne ut meir om saka.

– Etter møtet får vi vurdere vidare kva vi skal gjere, og no ventar vi også på tilbakemelding frå forsvaret, seier Nygård.