Hopp til innhold

Snakka ikkje med broren på eit år

Rockebrørne Håvard Takle Ohr (37), og Brynjar Takle Ohr (40) har hatt mange kranglar. Fysiske åttak høyrer også med til historia, men ut av det heile har det kome noko fruktbart.

Håvard og Brynjar Takle Ohr

Håvard og Brynjar Takle Ohr var hatt mange kranglar gjennom åra.

Foto: Torger Havåg / NRK

Kristiansundsbandet El Cuero vart kjent for dei fleste då dei var med i Melodi Grand Prix i fjor. Men alt har ikkje vore roseraudt mellom brørne.

Den eldste hadde brått gitt seg i eit tidlegare band dei hadde saman. Nokre dagar seinare skulle dei spele ein jobb med eit coverband, og det var då det nesten gjekk gale. På ein restaurant slo veslebroren ein biffkniv i bordet, og la på sprang etter han.

Kiss-brødre

Kiss var det store bandet for brørne i barndomen. Biletet er frå 1983.

Foto: Privat

– Eg skulle sikkert ikkje ta han, men eg skulle i alle fall gi han ein lærepenge. Slik går det når du gjer slikt mot meg, seier Håvard Takle Ohr.

Sabbatsår

Begge to kom frå episoden fysisk uskadde, men etter dette tok eldstemann eit år fri, og flytta heim til Nordmøre. Det var avgjerande for den vidare karrieren.

– Eg kunne plutseleg gjere kva eg ville musikalsk. Eg trengde ikkje å skrive metall-riff berre fordi Håvard sa det, seier storebroren.

Veslebroren innrømmer også at han trengde det året.

Det første bandet, Feedback Freedom

Brørne starta sitt første band, Feedback Freedom, tidleg på 90-talet. Biletet er frå 1993.

Foto: Privat

Det året måtte komme. El Cuero hadde aldri blitt til hadde det ikkje vore for det. Før det hadde vi vore innom alle former for musikk, men først då fant vi oss sjølve.

Nøkkelpunktet var arbeidsfordeling, og at brørne kunne gjer det dei var best til.

Brynjar er den kreative leiaren, så då sette han sjangeren. Så måtte eg berre velje om eg ville vere med på det eller ikkje.

El Cuero

Etter sabbatsåret kom dei saman om det nye bandet, El Cuero. Eldstebroren fekk det kreative ansvaret, med god bistand frå den yngre trommisen. Han tok på si side ansvar for det administrative.

Brødrene Takle Ohr

I dag er brørne gode venar.

Foto: Torger Havåg / NRK

Ved å delegere på den måten bygde vi stein på stein, seier Håvard. Vi trudde vi måtte gjere alt, saman, men slik fekk vi også den nødvendige avstanden vi ikkje hadde hatt før.

Heller ikkje her har det vore fritt for kranglar, men brørne trur det har gått mest utover dei andre i bandet.

Det har vore augneblink der dei to andre har synest vi har vore heilt ufyselege. Eg er ikkje overraska om enkelte har fått varige mein, avsluttar Brynjar.

Du kan høyre heile historia om rockebrørne i ettermiddagssendinga måndag.