Hopp til innhold

Her blir det selt to tonn smågodt kvar dag!

Påskeegg fylt til randa med søtsaker er for mange eit sentralt innslag i påskeferien. Ved Amfi Moa i Ålesund går det verkeleg unna. Her blir det selt over to tonn smågodt kvar einaste dag i påska!

Her selgast smågodt i tonnevis

Kundar i påskemodus sikrar seg smågodt i tonnevis ved Amfi Moa i Ålesund.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

For to år sidan meldte Finansavisen at kvar nordmann heiv innpå 14 kilo smågodt i året. I påskeveka åleine auka salet av sjokolade med heile 45 prosent.

Det er gode grunnar til å tru at desse tala har auka.

– Eg må innrømme at eg fekk sjokk då eg fekk vite kva tal vi kunne vise til. Frå før helga og fram til i dag har dei tre store matvarebutikkane våre til saman selt over to tonn smågodt, kvar dag. Det hadde eg aldri kunne gjetta, seier senterleiar ved Amfi Moa, Anne Mari Rødal Kleppe.

Coop Obs er den største av butikkane på senteret både i areal og omsetning, og står åleine for over eitt tonn av smågodtsalet kvar dag.

Anne Mari Rødal Kleppe

Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe vart svært overraska då ho fann ut at det dagleg blir selt over to tonn smågodt på Amfi Moa. Her held ho nokre av dei siste påskeegga som er igjen på heile senteret.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Senterleiaren har sjølv eit nært forhold til godteri. Ho har bokstaveleg tala vekse opp mellom godterihyllene, og jobba som ungdom i kiosken til foreldra i Elnesvågen.

– Eg kunne heilt sikkert ete smågodt i staden for middag. Det forklarar vel mitt forhold til godteri. Med tanke på kor mange over heile landet som har det som meg, så er det ikkje rart at så mykje smågodt går unna i påskeveka.

Snart utseld for påskeegg

Det er ikkje berre smågodt det går mykje av inn mot påskeferien. Ein må også ha noko å oppbevare godsakene i.

Påskeegg i alle storleikar, mønster og fargar har vore eit av dei mest populære salsobjekta ved Moa Amfi, og for ein av butikkane på senteret har pågangen vore enorm.

Amalie Farstad

Dei tradisjonelle påskeegga er heilt utselde hjå interiørbutikken Åhléns. Seljar Amalie Farstad viser fram dei siste som er igjen, påskeegg av det meir moderne slaget.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

– Det er snart ikkje påskeegg igjen. Vi har selt totalt 1.700 egg dei siste tre vekene, og har berre litt over hundre igjen, seier seljar Amalie Farstad ved interiørbutikken Åhléns.

Farstad har også nytta seg av kampanjene som dei store matvarebutikkjedene køyrer i påska.

– Eg innrømmer med glede at eg før helga sikra meg to kilo smågodt. Lageret skal nok halde til over påske, seier ho.

– Masse godteri!

Syskenborna Erica Lovise Kalvøy (8) og Lukas Øverås (6) handla smågodt saman med mormor Asbjørg Kalvøy, då NRK tok turen innom godteriavdelinga til Coop Obs på Amfi Moa.

Lukas måtte stå på tå for å få oversikt over stablane med godteri.

– Her var det masse godteri! Eg tek litt av kvart, tenkjer eg, sa Lukas då han spadde godteri opp i posen sin.

– Vi skal på påskeferie til Tenerife, men vi kan ikkje reise utan å ha ete påskegodt! Det er to ting som er kjekt med påske, vi får fri frå skulen, og vi får ete godteri, sa Erica då ho blid og fornøgd forsynte seg av dei søte colaflaskene.

Mormor Asbjørg gleder seg mest til å kunne servere barnebarna kanelbollar i solveggen, heime på Godøya.

– Det er familiehygge påska handlar om for meg, seier Asbjørg Kalvøy.

Erica, Lucas og bestemor handlar smågodt

Syskenborna Lucas Øverås og Erica Lovise Kalvøy handla smågodt til påskeegga sine saman med mormor Asbjørg Kalvøy.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL