Hopp til innhold

Slik unngår du trøbbel på julebordet

Julebordssesongen er ei hektisk tid for politiet. Dei har derfor laga si eiga sjekkliste for dei som skal på julebord.

Norleif Jønland

I ettermiddagsendinga på P1 ber politioverbetjent Norleif Jønland bruke sunt bondevett under julebordsesongen. Her frå lokala til NRK som er pynta til fredagens julebord.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Politiet har sett opp ei liste med punkt som ber folk ha i tankane no når julebordssesongen er i full gong.

Under ettermiddagsendinga på NRK P1 snakka politioverbetjent Norleif Jønland i om dei punkta han synest er spesielt viktige.

– Ver romsleg

Jønland tilrår spesielt å leggje lista høgt for kva ein skal la seg provosere av.

– Tol litt mykje og ver romsleg i desse dagar. Skulle du kome i nærleiken av bråk og krangling, så trekk deg unna og meld til politiet i staden for å bli ståande som tilskodar, rår han.

– Om ein er rusa så er det kanskje lettare å blande seg inn i ting?

– Ja, det er nok det. Det er då du må avgrense alkoholinntaket før du mistar kontrollen. Stopp når det går frå å ha det moro til å bli utidig, seier Jønland.

Tipset til Jønland er derfor å legge lista for kvelden allereie før alkoholinntaket startar, og at det kan vere lurt å tenkje gjennom korleis ein vil takle provokasjon før situasjonen oppstår.

– Om du er klar på desse tinga før du begynnar å skjenke deg, så tenkjer eg dette går veldig bra.

Det vert sagt at julebordet ikkje er tida for medarbeidarsamtalar der ein kjeftar på sjefen eller kollegaer. I julebordsreglane til politiet er ikkje dette nemnd, men Jønland er heilt einig i rådet.

– Julebordet er absolutt ikkje arenaen for å diskutere uoverenstemmelsar. Det får ein ta ein anna gong. Julebordet er for å ha det gøy og kose seg med kollegaer, og då skal ein snakke om dei hyggelege tinga.

– Ver ein kjernekar

Eitt av punkta på lista til politiet er oppmodinga "ver ein kjernekar". Ifølgje Jønland inneber dette at ein skal passe både på at verken ein sjølv eller andre går over streken.

– Dette gjeld til dømes når du ser at ein person av eit anna kjønn er rusa og du synest at du kan tillate deg meir enn du ville ha gjort i edru tilstand. Ver bevisst på det.

– Og om du ser ein kollega som vert litt for nærgåande med ein anna kollega, så sei ifrå på ein ordentleg måte slik at ein unngår at ubehagelege ting skjer, legg han til.

Vidare seier Jønland at å ta pirattaxi er svært dumt og noko han frårådar på det sterkaste.

Her er reglane til politiet


1. Lær deg festkodeksen i utelivet: Er du ny på «byen», så trø med varsemd. Julebordsesongen er ikkje tida for å kjekke seg.

2. Ikkje la deg provosere: Ver nøye med kva du tillèt deg å verte irritert av/på. Legg terskelen høgt for provokasjonar.

3. Trekk deg unna bråk: Dersom du kjem opp mot ein mogleg konfliktsituasjon, trekk deg unna. Ikkje bland deg inn i andre sine kranglar, kontakt eventuelt politiet.

5. Bestill drosje/avtal henting: Med transport frå dør til dør kjem du trygt og sikkert heim. Drosjekø, kulde og promille er ein dårleg kombinasjon.

6. Ta aldri pirattaxi: Pirattaxi er ulovleg verksemd, og du veit aldri kven du køyer med.

7. Set grense for alkoholinntaket- ikkje mist kontrollen: Dei fleste som kjem ut for vald, har høg promille. Det same gjeld for dei fleste gjerningsmenn.

8. Gå på etablerte utestader: Unngå plassane som har dårleg vakthald og tvilsamt klientell.

9. Oppfør deg som ein kjernekar: Sjå litt ekstra til gode vener som har fått i seg litt mykje å drikke, og vis at du er ein kjernekar.

10. Gå i opplyste gater: Sjansen for å unngå bråk er større om ein går fleire saman – i opplyste gater.

11. Gøym verdisakene dine: Det er mange som let vesker og jakker ligge utan tilsyn. Ikkje ”vift” med pengane. Legg kort, mobiltelefon og pengar på ein trygg stad.


Kos deg med vener og kollegaer

Oppføre deg mot andre som du vil at andre skal oppføre seg mot deg.

Til arbeidsgivarar

Ver snill mot dine tilsette. Overskjenking med uavgrensa tilgang til gratis drikke som resulterer i ein «blåveis» eller avrusing i glattcelle for dine tilsette, kjem ikkje inn under god omtanke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL