Hopp til innhold

Skodde utløyste bergingsaksjon i Surnadal

To kvinner som har sete fast på fjellet Honnstadknyken i Surnadal i timevis er no berga ned etter å ha blitt overraska av skodde.

Surnadal

Klokka 15.11 tvitrar politiet at kvinnene er nede, og i god form.

Klokka 14.45 sa operasjonsleiar Siri Engdahl ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt at kvinnene ikkje var skadde, men på veg ned fjellet.

– Dei har hatt veldig dårleg sikt, og ringde til politiet for å få hjelp, seier Engdahl.

Mor og dotter på skitur

Kvinnene, ei mor og ei dotter frå området, la ut på skituren til Honnstadknyken i 10.30-tida. Etter å ha blitt overraska av skodde på toppen, ringde dei politiet klokka 12.29. No er dei altså på veg ned frå fjellet.

– Begge er i god form, men dei frys, fordi det er kaldt og nedbør i området, seier Engdahl.

Fann stien etter kvart

Klokka 14.30 fortel redningsleiar Ola Vaage ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg at kvinnene har funne stien ned, og no går redningsmannskapa i møte.

– Det siste no er at dei har funne stien. Dei er litt kalde på beina, men elles i bra form, seier Vaage.

Les også:

Han seier skodde gjorde at det ikkje var aktuelt å sende inn helikopter.

Frivillige frå Surnadal Røde Kors deltek i aksjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL