Hopp til innhold

Naudrakett frå bustadområde utløyste leiteaksjon i mørkret

I Ørsta blei det satt i gang ein leiteaksjon fredag kveld etter at det var blitt sett ein naudrakett i eit bustadområde.

Ørsta Røde Kors i aksjon

Folk frå Ørsta Røde Kors koordinerer fredag kveld leiteaksjonen etter at ein naudrakett blei observert i Kvistaddalen i Ørsta.

Foto: Ørsta Røde Kors Hjelpekorps

Det var like før klokka 20.30 politiet på Sunnmøre fekk melding frå ein fastbuande på Sæbø om at han hadde sett ein naudrakett i området mellom Skårasalen og Rognestøylstindane.

Dette utløyste ein redningsaksjon med omlag 25 frivillige frå Ørsta og Volda Røde Kors Hjelpekorps.

Like før klokka 23 opplyser politiet at aksjonen er avblåst.

– Ferjemannskap på fjorden har sett at raketten blei avfyrt nede i Bondalen, ved busetnaden. Vi trur difor ikkje det er noko gale, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre.

Saka rekna som avslutta

Sætre avviser at politiet skal forsøkje å finne ut kven som står bak naudraketten, som sette i sving Hovudredningssentralen, politiet og omlag 25 frivillige.

– Det blir nesten uråd å finne ut, og det var ingen kjempestor aksjon uansett, seier han.

Omlag 25 menneske leitte

Fredag kveld sende politiet inn fleire snøscooterpatruljer i området.

– Vi er i kontinuerleg samtale med patruljene ute, men har så langt ikkje høyrt noko meir, seier operativ leiar Ørsta Røde Kors Hjelpekorps, Kristin Riise.

Ifølgje politiet fekk patruljene avdekt fire skispor på veg opp til Skårasalen, og fekk fredag kveld kontakt med dei fire jentene som hadde laga spora, men som var trygt nede igjen.

Ingen sakna folk i området

Opersjonsleiar Kenneth Sætre ved Sunnmøre politidistrikt sa fredag kveld at dei berre hadde fått inn ei melding, og at det ikkje var kome inn meldingar om sakna folk i området.