Hopp til innhold

Pass på i Visettunnelen

Fv. 650 Visettunnelen i Ørskog kommune står no mørk og har nedsett fartsgrense etter ein påkøyrsel tysdag. Onsdag 2. september frå klokka 08 blir det køyring med ledebil og nedsett fartsgrense, og difor noko ventetid.

Årsaka er at det trengs reparasjonar på straumnett og tekniske installasjonar etter påkøyrselen. Skadane er meir omfattande enn det som først vart meldt og arbeidet vil gå føre seg heile onsdag og kanskje også torsdag.

Statens vegvesen oppmodar trafikantane til å rekne med litt meir køyretid enn normalt og følge skilt og signal frå mannskap på staden så lenge det er arbeid i tunnelen.