Hopp til innhold

Påskefyll og promillekøyring

Natt til torsdag måtte politiet i Nordmøre og Romsdal ta seg av ein del saker knytt til fyll.

Politi

Politiet i Nordmøre og Romsdal måtte takle ein del fyll natt til torsdag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt kan opplyse at det har vore ei relativt roleg natt i den delen av fylket. Men det er tydeleg at påskefreden ikkje har senka seg alle stader i Møre og Romsdal.

Allereie klokka 23:20 måtte politiet i Kristiansund køyre heim ein overstadig rusa mann i starten av 20-åra. Like etter møtte politiet i Molde ei overstadig rusa jente i tenåra i Molde sentrum. Ho vart køyrd til legevakt for sjekk.

Også seinare på kvelden måtte politiet i Molde ta seg av ei anna jente i tenåra.

Laster Twitter-innhold

Like før klokka tre, avslutta politiet ein fest i Molde, etter at det vart meldt om mykje støy frå leilegheita.

Laster Twitter-innhold

Promillekøyring

Det var også fleire tilfelle av køyring i alkoholpåverka tilstand i Nordmøre og Romsdal.

Klokka 00:30 vart det meldt om promillekøyring i Grødalen i Sunndal.

Litt seinare på kvelden, klokka 02:00, fekk politiet melding om at eit einsleg køyretøy hadde køyrd av vegen på fv. 64 retning Visnes i Eide.

Framme på staden fekk politiet mistanke om promillekøyring, og ein mann i 30-åra blei tatt med til legevakt for kontroll. Der blåste han over tillate verdi, og sak vil bli oppretta. Det var ikkje snakk om alvorlege personskadar, men derimot store materielle skader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL