Harald T. Nesvik - Foto: Bernt Baltzersen / NRK
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Ønskjer fire nye år på Stortinget

Alle dei tre stortingsrepresentantane for Framstegspartiet i fylket ønskjer å halde fram på Stortinget. Oskar Grimstad, Mette Hanekamhaug og Harald Nesvik har sagt ja til renominasjon til stortingsvalet neste år.

FrP-politikar Harald Nesvik seier ja til fire nye år på Stortinget.

Nesvik som blei valt inn på Stortinget første gong i 1997, er den politikaren på Mørebenken som har vore lengst på Stortinget.

– Eg føler eg framleis har svært mykje ugjort i politikken og trur at mi lange erfaring kan vere nyttig for partiet i åra som kjem, seier Nesvik.

Markant helsepolitikar

Harald Nesvik har vore Fremskrittspartiet sin førstekandidat i Møre og Romsdal i dei to siste stortingsvala. Han har vore ein markant helsepolitikar, i perioden 2005-2009 var han leiar for Stortinget sin helse- og omsorgskomite,

Etter stortingsvalet i 2009 kom han inn i næringskomiteen der han er andre nestleiar.

Men trass at han er inne i sin fjerde periode som stortingspolitikar var ikkje avgjerda så veldig vanskeleg.

– Det er klart at når man nærmar seg 46 år som eg gjer så må ein ta ein gjennomgang med familien. Men vi har saman kome fram til at eg iallefall kan ta ein periode til, seier Nesvik.

Regjeringsskifte

Stortingsvalet i 2013 blir eit regjeringsval. Den raud-grøne regjeringa har hatt fleirtal i Stortinget sidan 2005. Nesvik leggjer ikkje skjul på at utsiktene til eit regjeringsskifte har hatt innvirkning på avgjerda hans.

– Ja, det er klart. Eg ønskjer å bidra til at Framstegspartiet kjem inn i regjeringskontora. Då er det viktig med personar som har lang erfaring i Stortinget når den tid kjem. Eg har stor tru på at eit samarbeid på borgarleg side vil føre til eit regjeringsskifte neste år, seier Nesvik.

Kampen om vere det største partiet

Etter FrP sitt store gjennombrudd i Møre og Romsdal i kommune- og fylkestingsvalet i 2003 var det FrP og Arbeidarpartiet som kjempa om vere det største partiet i Møre og Romsdal.

FrP var størst i 2003 og i stortingsvalet i 2005. Arbeidarpartiet var største i kommune- og fylkestingsvalet i 2007 og i stortingsvalet i 2009.

Men i kommune- og fylkestingsvalet i 2011 endra dette bilete seg. No var det Høgre som pusta Arbeidarpartiet i nakken medan FrP gjekk tilbake.

På dei nasjonale målingane etter valet i fjor har Høgre fortsatt å vokse medan FrP slit med å kome tilbake til gamle høgder.

– Vi har sjølvsagt ambisjonar om å bli det største partiet i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal er eit FrP-fylke. Vi må vise kva som er den store skilnaden i forhold til dei som regjerer no, men og få fram skilnaden i forhold til Høgre, seier Nesvik.

Siste video/lyd

21-åringen som er dømd for drapet nekta å forklare seg under saka i dag.
Olav Rønneberg kommenterer ankesaka etter Aksladrapet.
Brukarar av byfjellet Aksla i Ålesund kan glede seg over ei ny grindløe som blei opna onsdag.