Hopp til innhold

Loftsbrann i Kristiansund - ein sendt til sjukehus

Ein person er sendt til sjukehus med moglege brannskadar, etter at det starta å brenne i ei leilegheit i Kristiansund.

Det er full fyr på eit loft i Kristiansund sentrum. Alle som bur i huset er evakuerte.

Brannvesenet er i gong med sløkkearbeidet.

– Det var ein fullt utvikla loftsbrann, seier brannvakta på 110-sentralen. Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 15.11 og kom raskt til staden for å starte sløkkearbeidet. Det skal ha vore folk i leilegheita då brannen starta, men dei kom seg ut sjølv.

Brannskadar i ansiktet

– Ein av personane er sendt til Kristiansund sjukehus. Vi har fått opplyst at personen kan ha fått brannskadar i ansiktet, fortel Rolf Anders Korstad. Han er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Fleire av naboane vart evakuerte.

Brannvesenet har no kontroll på brannen, og driv med ettersløkking. Huset ligg i ei rekkje saman med andre trehus, og det var fare for at brannen skulle spreie seg.

– Sidan naudetatane kom så raskt til staden, gjekk det bra, seier Korstad.

Øydelagde leilegheiter

NRKs journalist Eirik Haukenes var på staden og han seier at brannen starta på loftet i eit hus med fleire leilegheiter. Dei to øvste leilegheitene i husværet er etter den han har fått opplyst frå brannvesenet, ikkje råd å bu i.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL