Hopp til innhold

– Vi vart lugga, skremt med store sprøyter og låste inn i skap

Etter nær 50 år skal det vonde fram i lyset. Synnøve Holte frå Volda er ei av mange som fortel om overgrep på sanatorium på 40- 50- og 60-talet. – Eg vil vere ei stemme for dei som ikkje tør å stå fram sjølv, seier ho.

Synnøve Holte

GRUDDE SEG: Synnøve Holte grudde seg til å reise på sanatorium i Molde som 7-åring. Det skulle vise seg å bli verre enn ho trudde.

Foto: Privat

Grefsen sanatorium

SANATORIUM: Fleire 1000 born vart sende til sanatorium for å bli friske av tuberkulose.

Foto: NRK

Fleire 1000 norske born vart sende vekk frå familien sin for å bli friske av tuberkulose. Mange vart offer for brutale overgrep på dei ulike sanatoria. Fleire vil no ha erstatning for det som skjedde.

Vald og isolasjon

Vald, truslar og isolasjon var kvardagen for mange av desse sjuke borna. Fleire har søkt om erstatning, men det har vist seg at det er bustadadressa som avgjer om dei får medhald i kravet.

Reknes sanatorium

SKREKKENS HUS: Sanatoriet på Reknes i Molde vart eit skrekkens hus for Synnøve Holte då ho vart sendt dit som 7-åring.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

For Synnøve Holte vart opphaldet på barnesanatoriumet på Reknes i Molde eit mareritt. Ho kom dit som 7-åring sommaren 1964, saman med søstera si på 4.

– Det var tvangsforing. Vi vart lagt i tvangstrøye. Brev vi sende vart konfiskerte. Dei kom aldri fram til mottakaren, viste det seg i ettertid. Vi vart lugga og stengt inne på mørkeloftet. Det var eit skremselsregime, fortel Holte.

Sjå intervjuet med Synnøve Holte her:

Video Synnøve Holte om Reknes sanatorium

Synnøve Holte om Reknes sanatorium.

Skremte med nissemasker

Synnøve Holte

STÅR FRAM: Synnøve Holte og systera krev oppreising og erstatning frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Tuberkolosesjuke born frå Trøndnelagsfylka, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal kom til Reknes i Molde for å bli friske. Holte fortel at også dei yngste vart utsette for overgrep.

– Nokre blei stengt inn i skap, vart trua med å bli sendt på mørkeloftet, eller «nisseloftet», fordi dei nekta å ta medisinen sin.

Skap Reknes

INNELÅST: Skapa dei minste borna vart låste inn i står framleis på loftet på Reknes.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Dei minste barna trua dei spesielt med store sprøyter, og dei hadde på seg nissemasker for å skremme dei, fortel ho.

Les også:

Fekk oppreising

Jon Roger Sumstad frå Vågsøy i Sogn og Fjordane var også innlagt på Reknes i Molde som liten gut.

Også han vart utsett for overgrep dei 9 månadene han var skilt frå familien sin.

Sjå video om Sumstad si reise tilbake til Molde her:

Video Sanatoriebarn får kun erstatning i Sogn og Fjordane

Sanatoriebarn får berre erstatning i Sogn og Fjordane

Jon Roger Sumstad

TØFT: Jon Roger Sumstad var nyleg tilbake på Reknes for første gang på 50 år.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK
Unnskyld frå Vågsøy

FEKK OPPREISING: Jon Roger Sumstad har fått oppreising og unnskyldning frå Vågsøy kommune.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Den avgjerande skilnaden på Jon Roger Sumstad og Synnøve Holte er at han bur i Sogn og Fjordane, ho er frå Møre og Romsdal. For kommunane i Sogn og Fjordane har bestemt at dei vil gi ei oppreising til sanatorieborn.

Som den første i landet har Sumstad fått 500.000 kroner og ei unnskyldning frå Vågsøy kommune.

Det fins inga felles oppreisingsordning for dei som vart usette for overgrep på sanatoria. Dette vil ikkje Synnøve Holte godta. Ho og systera går no til sak mot Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Eg vil ha ei unnskyldning for det som skjedde. Det skulle ikkje ha skjedd, men eg vil ha stadfesta at det verkeleg gjorde det. Eg vel å stå fram no og vere ei stemme for dei som ikkje tør å stå fram sjølv, seier Synnøve Holte.

Fylkeskommunen skal sjå på saka

Fylkesrådmann, Ottar Brage Guttelvik, likar ikkje det han har fått høyre om sanatoriet.

Eg blir både trist og lei meg når eg høyrer slike historier, det er min første reaksjon, seier han.

– Dette er ei historie frå nesten 50- år tilbake. Den gongen var det sjukehuset i Molde som var ansvarleg. Det er også slik at sjukehuset er overteke av staten. Så erstatningsdelen er nok eit statleg ansvar. Her er det kravd av Synnøve Holte og hennar advokat at det er snakk om ein oppreisingsordning og vi har sett at andre fylkeskommunar har gitt det.

Er det då naturleg at Møre og Romsdal fylkeskommune kjem etter?

Ja, vi skal i alle fall behandle det og sjå på kva fylkeskommunen skal gjere. Vi kjem til å skrive ei tilbakemelding til Synnøve Holte og hennar advokat om kor lang saksbehandlingstid vi treng på det, så vi skal vurdere både det juridiske og andre forhold ved denne saka, seier han.

Han seier det vil bli ei vanskeleg sak, både med tanke på det juridiske og med tanke på at dette skjedde for nærare 50 år sidan.

Artikkelen er no stengt for kommentering

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL