Hopp til innhold

Køyrde i fylla med barn i bilen

Ein mann i 20-åra vart stansa i promillekontroll i Molde. I baksetet sat eit lite barn. Politiet ser svært alvorleg på saka.

Lubbenes

Det var under ein promillekontroll på Lubbenes i Molde i 13.30-tida søndag at mannen vart stansa. Då mannen blåste gav promilletesten utslag, godt over lovleg verdi. I bilen sat bilførarens barn.

– Det er svært alvorleg å promillekøyre. Ekstra alovorlig er det at det sit barn i bilen, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdalpolitidistrikt.

Barnet blei først tatt vare på av politiet, medan faren vart sendt vidare til blodprøvetaking. Barnet vart seinare henta av andre familiemedlemar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL