Hopp til innhold

Kos med Marit og dyra

Det blei ein koseleg fredag for små og store som i dag var med på premierefesten for den nye barne-tv-serien om Marit og dyra.

Premierefest for Marit og dyra på Hakalegarden

Det blei ei retteleg kosestund for alle som møtte fram for å få dei første glimta frå den nye serien på NRK- barne-tv. Serien startar komande tysdag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Å ja, då, det blir stas når Hakallegarden og livet på besøksgarden i Vanylven opnar dørene for heile landet tysdag. I dag var små og store frå Vanylven, Herøy, Ulstein, Ørsta og Måløy inviterte til premierefest på garden til seks år gamle Marit Krakset.

Som skapt for barne-tv

Serien handlar om Marit som bur på besøksgarden Hakallegarden i Vanylven og har tittelen Marit og dyra.

– Serien vart til fordi garden er som skapt for barne-tv, seier programskapar Eva Westvik.

Fargane, alle dei ulike dyra og naturen, er kulissar finare enn dei klarar å skape med millionar i Hollywood, meiner ho.

Tv-teamet var på garden og gjorde opptak i 27 dagar frå februar til november 2014.

Marit og dyra

Programskapar Eva Westvik saman med familien Krakset. Garden ligg vakkert til ved fjorden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det verkelege livet

Familien med Marit i spissen er likevel den aller viktigaste grunnen til at livet på garden no blir tv-serie.

– Aina og Olav er to foreldre som ikkje skjuler realitetane i livet for dottera. Dei lærer Marit at dyra ikkje er levande kosebamsar. Ho få kjenne den enorme gleda når dyr blir fødde, og dei skåner henne ikkje for sorga og fortvilinga når dyr dør naturleg. Ho blir heller ikkje skjerma den dagen dei bestemmer kva dyr som skal til slakteriet for å bli mat, seier Westvik.

Mor Aina likar også at dette er dokumentarisk fjernsyn som viser livet på garden slik det er.

– Alt blir så naturleg og ekte, sjølv for meg som bur her, opplevast det ekte det som no blir vist på fjernsyn, seier Aina.

Familien på Hakallegarden

Marit Krakset er seks år og bur saman med far Olav og mor Aina på Hakallegarden. Sidan 2006 har dei gradvis bygd ut garden til turisme og besøksgard. No eer garden ein populærplass for gode opplevingar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mange sjåarar

Dei som fekk tjuvtitte på serien om Marit og dyra i dag, høyrdest ut til å like det dei fekk sjå. Mange kjem til å følgje spent med når alt blir vist på tv - skjermen heime i stova også.

– Vi reknar med at rundt 125.000 sjåarar vil følgje livet på Hakallegarden i vekene framover, seier Westavik.

Serien har altså premiere på NRK Super tysdag 03. februar klokka 1825, og går kvar tysdag i åtte veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL