Hopp til innhold

Kollisjon mellom bil og moped på Ellingsøya

Føraren av ein moped skal vere lettare skadd i ei bilulykke på Ellingsøya i Ålesund.

Ellingsøya

Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.42. Ein moped og ein bil har kollidert på Ellingsøya og naudetatane har akkurat kome til staden, opplyser politiet.

– Mopedføraren er bevisst, og har smerter i ein fot, seier operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Per Martin Bjartan.

Verken bilen eller mopeden hadde, ifylgje politiet, høg fart då kollisjonen skjedde. Mopedføraren er ei tenåringsjente og vart frakta til legevakta for sjekk.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL