Hopp til innhold

Tre sendt til legesjekk etter kollisjon

Det har vore ei bilulykke i Skarbøvika i Ålesund. Tre personar vert sendt til legesjekk.

Bilulykke i Skarbøvika

Det er dirigering av trafikken ved ulykkesstaden.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det var to køyrety involvert i ulykka og tre personar vert sendt til legevakta for sjekk. Ifylgje politiet skal det vere mindre personskader.

Det er manuell dirigering av trafikken på staden og redusert framkome. Bilberging er på veg til staden.

Politiet opplyser at dei avhøyrer vitne på staden og granskar åstaden.

Bilulykke i Skarbøvika

Både brannvesen, politi og ambulanse er på staden.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL