Hopp til innhold

Jaktar framtidige stuntmenn i Ålesund

– Det er mogleg å leve av å vere stuntmann. Men då må du legge mykje innsats i det, seier John Smith Kabashi. I desse dagar rekrutterer han elevar til Noregs fyrste stuntmannskule.

Jakter fremtidige stuntmenn i Ålesund.

Stuntmannskulen i Moss reiser no rundt for å rekruttere elevar. Johannes Eliassen er ein av dei som prøver å overtyde John Smith Kabashi i bakgrunnen.

Søndag var han i Ålesund for å prøve å finne framtidige elevar til skulen han er med på å starte opp i Moss. I turnhallen stilte skulen med ei boksepute i form av ei dokke utan armar, og matter og andre remediar for å sjekke dei fysiske eigenskapane til dei som møtte opp.

John Smith Kabashi

– Eg vart fødd som stuntmann, seier John Smith Kabashi.

Foto: Frode Berg / NRK

– I tillegg skal me sjekke den mentale styrken, og gjere eit intervju med kvar av kandidatane, sa Smith Kabashi til NRK før opptaksprøvene tok til.

Ålesund er den sjette av ti byar der skulen har opptaksprøver. Oppmøtet har vore det Smith Kabashi kallar «midt på treet», med eit høgdepunkt i Stavanger. I Ålesund dukka det opp to håpefulle til opptaksprøvene.

– Eg var fødd som stuntmann

Målet til International Stunt Academy er å greie å fylle opp 18 studieplassar, og starte med sitt fyrste skuleår i oktober. Difor reiser dei no rundt i landet for å møte motiverte søkjarar.

– Ein stuntmann må ha fysisk styrke. I tillegg må dei ha mental styrke. Har dei dette, kan det meste anna lærast etter kvart, seier John Smith Kabashi.

Han har sjølv vore stuntmann i produksjonar for fjernsyn, som mellom anna vignetten til fjernsynsprogrammet Showman, og han har vore stuntkoordinator for musikkvideoar og fjernsynsseriar, mellom anna NRK-serien Lilyhammer.

– Eg vart fødd som stuntmann. Då eg såg film som liten, ville eg berre ut og gjere det same, seier ålesundaren.

Vil ha meir profesjonalitet

Der andre gjerne slutta å klatre i tre og leike i barneskulealder heldt han fram. Leik vart til utdanning, og i møtet med bransjen vart han forklart korleis ting burde vere.

– Det å berre gå ut og gjere stunt fekk eg raskt beskjed om at det ikkje var lov. Her må ting planleggast, seier han. For planlegging og koordinering av stunta er viktige for å unngå skadar.

Det profesjonelle nivået er noko av det han håper å få inn hjå dei som vil gå på stuntmannskulen. For å unngå skadar og avbrekk frå jobb, og for å gjere planlegginga tryggare.

– Ein kan ikkje unngå farlege situasjonar, men ein bør planlegge og koordinere godt nok til at ein unngår skadar, seier han.

I Ålesund fekk han møte Christian Dalen Stølen og Johannes Eliassen. Dei to har begge bakgrunn som turnarar, og hadde lyst til å prøve seg som stuntmenn.

– Barndomsdraumen

Johannes Eliassen

Håpefull 1: Johannes Eliassen.

Foto: Frode Berg / NRK
Christian Dalen Stølen

Håpefull 2: Christian Dalen Stølen.

Foto: Frode Berg / NRK

– Å bli stuntmann var barndomsdraumen etter å ha sett Jackie Chan på film, seier Johannes Eliassen. Han var ein av dei to som hadde møtt fram til opptaksprøvene i Ålesund.

Også Christian Dalen Stølen har bakgrunn frå turn og kampsport, og ville gjerne gripe sjansen når den dukka opp.

– Dette er ei stor moglegheit for å få vere med på film. Det har vore ein draum heilt sidan eg såg film som liten, fortel han.

No står det att å sjå om han kjem inn på skulen, og om han då må kaste om på planane han allereie har lagt for det komande året.

Manglar godkjenning

Skulen skal etter planen starte opp i oktober, men har ikkje fått godkjenning som fagskule til no. Dermed blir mykje av finansieringa av utdanninga opp til elevane sjølve.

– Skulen har ordna med studielån for delar av summen, men elevane må sjølve dekkje 90.000 kroner for skuleåret fortel John Smith Kabashi.

Dette håper han å få ordna til neste år, slik at skulen blir godkjent som fagskule. Gjennom dette året skal elevane bli klare for bransjen, og kunne gå inn i store og små produksjonar.

Håper på fleire stuntpersonar

– I Noreg blir det laga få spelefilmar, og det er synd. Under utdanninga får elevane 14 dagar praksis på produksjonar i tillegg til ein vekeslang tur til Hollywood for å sjå korleis ein arbeider med dette, seier Smith Kabashi.

No håper han at utdanninga skal skaffe dei nok folk til å kunne bidra i store og små produksjonar på film, fjernsyn eller scene.

– Som utdanna stuntperson kan du jobbe kvar som helst i verda. Me har nettverk mellom anna i India, Kina og USA, fortel han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL