Hopp til innhold

Skular brukar interaktive tavler feil

Svært mange skular har kjøpt inn dyre interaktive tavler. Nye undersøkingar viser at svært få kan å bruke tavlene. Ei tavle kostar 20 000 kroner.

Interaktive skuletavler

Elevane Sigurd Arnesen Vang og Maria Skjong likar godt undervisninga på interaktive tavler.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det fins mellom 25 000–27 000 slike tavler i norske klasserom, frå barnehagar til universitet. Tavlene kan erstatte krit- og tusjtavlene, og er kopla til læraren si datamaskin. Men slett ikkje alle kan å bruke tavlene.

For lite tid

Interaktiv tavle i bruk

Mange skular bruker dei dyre tavlene feil, viser forskinga til Gunstein Egeberg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Prosjektleiar ved senter for IKT-utdanninga i Oslo, Gunstein Egeberg har forska på bruken av dei interaktive tavlene. Prosjektet har hatt fokus på den nye lærarrolla. Dei har sett på korleis rolla blir endra når lærarane tar i bruk nye interaktive tavler.

– Det fins mykje internasjonal forsking på dette. Vi har sett på det i eit nordisk perspektiv, forklarer han.

Forskingsprosjektet viser mellom anna at endring tar tid. Mange skular bruker ikkje nok tid på opplæring.

– Det er blitt investert tungt over kort tid, utan at det er ei god nok forståing for korleis tavlene skal brukast. Då er det ei openbar fare for at ein del av investeringa blir feilslått, seier Egeberg.

– Korleis blir desse tavlene brukt i dag?

Det viser seg at mange bruker dei nærast som ein prosjektør. Dei har med andre ord kjøpt ein ganske dyr prosjektør, slår forskaren fast.

Variert kunnskapsnivå

Rektor Terje Austnes på Skjong skule

Rektor Terje Austnes på Skjong skule har stor tru på at dei interaktive tavlene vil betre undervisninga på skulen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Rektor ved Skjong skule i Giske kommune, Terje Austnes har kjøpt seks tavler. Han er svært fornøgd med nyvinninga.

– Vi har hatt felleskurs, og vi deler også erfaringar med kvarandre. Vi spør også lærarane om dei har brukt tavla.

Han vedgår likevel at ikkje alle er like flittige brukarar av tavlene.

– Mange har ein høg terskel for å ta i bruk nye ting. Når ein står framfor elevane, vil ein ikkje bli avslørt. Difor vil mange lærarar meistre dette fullt ut før dei tar i bruk tavlene, seier Austnes.

– Lærarane er kjempeflinke

Svein Arve Alnes

Svein Arve Alnes er lærar på Skjong skule. Han synest dei nye tavlene gjer arbeidskvardagen lettare.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Elev ved Skjong skule, Sigurd Arnesen Vang (9), er i allefall fornøgd med undervisninga på dei interaktive tavlene.

– Vi kan bruke den til masse rart. Vi kan for eksempel sjå film på dei, gjere oppgåver på dei og masse anna rart.

– Kor flinke er lærarane med data?

Kjempeflinke. Dei har gått på masse kurs, seier Sigurd Arnesen Vang.