Hopp til innhold

Hydro stengjer i Sunndal

Hydro reduserer aluminiumsproduksjonen i Sunndal.

Hydro aluminium Sunndal
Foto: Nyhetsspiller

Dette skjer ved å stengje den eldste produksjonslina ved aluminiumsverket.

160 blir permitterte

Stenginga fører til at 160 arbeidarar blir permitterte. Til saman arbeider det 1000 ved Hydro aluminium Sunndal. Det kjem til å ta om lag to månader å stengje anlegget. - Selskapet vil halde fram å arbeide saman med dei tilsette i prosessen for å midlertidig stengje Su 3, heiter det i pressemeldinga frå selskapet.

Det eldste anlegget

Den eldste produksjonslinja, SU3, produserer årleg 100.000 tonn aluminium. Dette anlegget er 40 år gamalt, og er den eldste produksjonslina i Hydro aluminium.

Tidlegare har den lokale leiinga uttalt at anlegget er svært effektivt, men at høge overføringskonstnader for energi kunne setje anlegget i fare.

Nedgang i marknaden

- Stenginga er eit resultat av ein særs krevjane marknadssituasjon for aluminium, heiter det i ei pressemelding frå Hydro.

Sjå desse tidlegare artiklane om uvissa kring Hydro aluminium, Su3 dei siste månadene:

Ingen strømløfter til Sunndal

Ingen signaler om Hydro

Frykt for jobbane i Sunndal

160 kan misse arbeidet

Taper 6 000 kroner minuttet

Denne videoen fortel om kampen for at SU3 skal overleve. Her vert det hevda at SU3 er det mest effektive aluminiumsverket, men at høge straumkostnader gjer framtida uviss:

Video nsps_upload_2009_3_3_9_51_43_1008.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL