Artistar frå mange kantar møtes på tvers av sjangrar utan forsterkaranlegg eller elektronisk utstyr, under Klangfestivalen i Vågøy kyrkje i Fræna denne helga.
Festivalen opnar fredag og varer heile helga.
Tidleg fredag ettermiddag var det øvingar i Vågøykyrkja av bestillingsverket til Karl Seglem.
- Høyr innslaget her:
Festivalen får ei fantastisk vêrramme denne helga, med strålande sol. Festivalsjef Hilde Brunsvik ser fram til ei tettpakka helg.
Jazzpianist Dag-Filip Roaldsnes deltok på festivalen i fjor, og var glad for å vere tilbake på Klangfestivalen.
- Høyr innslaget her:
Desse innslaga er laga av Gunnar Sandvik.