Hopp til innhold

Her er landets beste frisørelevar

Daniele Stasauskaite (18) frå Romsdal vidaregåande skule kunne ikkje tru at ho vann gull under årets frisør-NM. Skulen vann også i lagkonkurranse.

Frisørelevar ved Romsdal vgs

Her er alle 12 elevane frå Romsdal vidaregående skole som deltok i konkurransen. Mentor er Torstein Lorentzen.

Foto: privat

I helga har det vore NM i frisering og elevane frå Romsdal vidaregåande har øvd i vekesvis til elevkonkurransane (Pivot point cup). Det ga resultat. Dei stakk av med både 1. og 2. plass i kategorien Street fashion dame med om lag 50 deltakarar.

Daniele Stasauskaite er opprinneleg frå Litauen, men bur no på Åndalsnes. Ho pendlar til Molde for å gå på skule.

– Først lo eg då namnet mitt vart ropt opp. Eg trudde ikkje det var sant, seier ein glad 18-åring.

Daniele Stasaukaite

Daniele Stasauskaite stakk av med førsteplassen. Ho elskar frisørfaget og gler seg til å kome ut i arbeidslivet.

Foto: privat

Gler seg til å jobbe

Etterpå vart det mange gledestårer. Daniele Stasauskaite er mor til ein 1-åring, men det har ikkje vore problem å få tid til å øve nok før konkurransen. Hår er den store hobbyen til gullvinnaren og ho gler seg til å få jobbe som frisør.

– Eg elskar frisørfaget og håper å få lærlingplass i Ålesund, seier Stasauskaite. Helene Aardal kom på 2. plass.

God mentor

I lagkonkurransen tok Romsdal vidergåande gull og bronsje, samt 4. og 5. plassen.

– Vi har elevar som har lyst å gjere det godt. Dei er interesserte og motiverte, seier ein stolt lærar, Ann Torill Jørgensen.

Ho skryt av samarbeidet dei har med Torstein Lorentzen frå CanCam, som har blitt norgesmeister fleire gongar. Han er mentor for frisørelevane og Jørgensen meiner han gir elevane inspirasjon frå det verkelege frisørlivet.

Det er ikkje første gong Romsdal videregåande gjer det godt under frisør-NM. Også i fjor gjorde elevane nesten reint bord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL