Hopp til innhold

Her er kandidatane til Kyrkjevalet

Nominasjonskomiteane for kyrkjevalet i Møre bispedøme er ferdig med arbeidet sitt, og dei førebels kandidatlistene ligg no føre.

Molde domkirke

Molde Domkirke.

Foto: Helge Helgheim / NRK

I alt ni representantar skal veljast til nytt bispedømeråd/Kyrkjemøte ved valet i september. Prestane og dei leke kyrkjelege tilsette skal velje kvar sin representant ved eigne val.

Fire leke representantar skal veljast ved direkte val 13. og 14. september og dei tre siste leke representantane skal veljast av sokneråda i november.

I alt inneheld dei førebels listene 28 namn, 13 kvinner og 15 menn. Sunnmøre er representert med 12 kandidatar, medan Romsdal og Nordmøre er representert med 8 kandidatar kvar.

Listene viser at kandidatane er i alderen mellom 33 til 70 år. Nominasjonskomiteane har dermed ikkje lukkast med å finne fram til kandidatar under 30 år.

Dette er kandidatane

Frå lekfolk stiller følande kandidatar. Lista er sett i prioritert rekkefølgje

Namn Alder Yrke/tittel Sokn

  1. Ann-Kristin Sørvik 57 Ordførar Bremsnes
  2. Ragna Dahl Grønnevet 67 Pensjonist Ålesund
  3. Frode Rabbevåg 55 Dagleg leiar Molde
  4. Geir Grav 59 Rektor Hen
  5. Ole Martin Grevstad 45 Personalsjef Ulstein
  6. Berit Moan Møkkelgård 39 Sjukepleiar Rindal
  7. Solveig Linge Stakkestad 70 Pensjonist Norddal
  8. Svein Hartvig Pettersson 48 Rådgjevar Molde
  9. Rikke Grevstad Kopperstad 54 Lærar Herøy
  10. Eldar Husøy 64 Lærar Ulstein
  11. Olav Terje Flataker 62 Dagleg leiar Bolsøy
  12. Christina Duwe 51 Overlege Spjelkavik
  13. Hans Gunnar Møller 36 Electronic Technician Spjelkavik
  14. Synnøve Stenvågnes Bersås 66 Pensjonist Kors
  15. Ivar Husby 69 Pensjonist/næringsdrivande Aure
  16. Laila Elnes Bielachowicz 55 Lærar Sekken
  17. Jon Bovim 67 Pensjonist Brattvåg
  18. Ann Magritt Harstad 59 Lærar Øre

Førebels kandidatliste for prestar i alfabetisk rekkefølgje:

  1. Ragnhild Lakang Nordmark Due 33 sokneprest Nesset
  2. Sindre Stabell Kulø 35 sokneprest Bud
  3. Per Eilert Orten 60 sokneprest Aure
  4. Lars-Ove Skaret 54 sokneprest Nordlandet
  5. Kari Vatne 52 sokneprest Stordal

Førebels kandidatliste for leke kyrkjeleg tilsette i alfabetisk rekkefølgje:

  1. Robert Coates 60 kantor Sandøy
  2. Mildrid Fiske 58 kyrkjeverje Kristiansund
  3. Aud Toril Gagnat 52 kyrkjeverje Gjemnes
  4. Svein-Rune Johannessen 54 kyrkjeverje Ålesund
  5. Olav Rønneberg 56 kateket Ørskog

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL