Hopp til innhold

Har frigitt namnet på den omkomne

Politiet har frigitt namnet på den 21 år gamle mannen om døde i Åndalsnes natt til søndag.

Molde politistasjon

Den sikta 23-åringen sitt no i politiarrest ved Molde politistasjon.

Foto: Remi Sagen / NRK

Søndag kveld offentleggjorde politiet at det var 21 år gamle Tobias Hattrem Moa som omkom i Åndalsnes natt til søndag.

Ein 23 år gamal mann er sikta etter straffelova § 272 for grov kroppskrenking etter dødsfallet.

Vart erklært død på staden

Nordmøre og Romsdal politidistrikt fekk natt til søndag melding om ei hending ved Åndalsnes samfunnshus, i Rauma kommune. Det blei gjort forsøk på gjenoppliving, men etter ei tid vart den 21 år gamle mannen erklært død.

Truleg var 21-åringen på veg heim då oppstod ein konfrontasjon mellom han og 23-åringen. Kva denne konfrontasjonen skuldast, og korleis den arta seg, er noko av det politiet prøver å finne svara på.

Den sikta og den avdøde skal ha vore kjenningar.

Sitter i politiarrest

Den sikta 23-åringen vil bli sittande i politiarrest til måndag morgon. Påtaleansvarleg vil då kome med ei vurdering om eventuell vidare varetektsfengsling.

Det er så langt ukjent kva som er dødsårsaka.

Den 21 år gamle avdøde mannen frå Åndalsnes er brakt til St. Olavs Hospital i Trondheim der han skal obduserast for om mogleg å fastslå dødsårsaka.

– Obduksjonen måndag vil vere sjølvsagt vere ein viktig del av puslespelet, seier etterforskingsleiar Kjell O. Moen.

Les alt om saka her.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL