Hopp til innhold

– Sikta 23-åring sønderknust etter dødsfall

Den sikta 23-åringen i Åndalsnes er djupt fortvila etter at ein 21 år gammal mann blei funnen død natt til søndag, det seier forsvararen til mannen.

Øyvind Panzer Iversen

Øyvind Panzer Iversen er forsvararen til den sikta 23-åringen i Åndalsnes.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den 23 år gamle mannen frå Åndalsnes vart søndag sikta for kroppskrenking, etter at ein 21 år gamal mann døde i Åndalsnes natt til søndag.

– Siktinga kjem ikkje som ei overrasking, men han er djupt fortvila og sønderknust over sjølve hendinga og det som har skjedd, seier Øyvind Panzer Iversen som er forsvararen til mannen.

I løpet av søndag kveld skal påtaleansvarleg vurdere om mannen skal varetektsfengslast.

Konfrontasjon mellom dei to

Nordmøre og Romsdal politidistrikt fekk natt til søndag melding om ei hending ved Åndalsnes samfunnshus, i Rauma kommune. Det blei gjort forsøk på gjenoppliving, men etter ei tid vart den 21 år gamle mannen erklært død.

Politiet på plass ved samfunnshuset på Åndalsnes

Politiet stengde søndag av eit området ved samfunnshuset på Åndalsnes.

Foto: Ottar Rydjord

Truleg var 21-åringen på veg heim då oppstod ein konfrontasjon mellom han og 23-åringen. Kva denne konfrontasjonen skuldast, og korleis den arta seg, er noko av det politiet prøver å finne svara på.

– Har den sikta erkjent at han har vore i ein slåstkamp med den avdøde?

– Eg kan ikkje gå inn i detaljane i avhøyret, men det eg kan seie er at det har vore ein konfrontasjon mellom dei to. Min klient har likevel vanskeleg for å forstå at det kunne føre til det tragiske utfallet som denne saka har fått. Utover det kan eg ikkje kommentere kva han har sagt, seier Panzer Iversen.

Høyrde til same vennekrets

Samfunnshuset på Åndalsnes

Det er sett i gang etterforsking etter at ein 21-åring døydde ved Samfunnshuset på Åndalsnes.

Foto: Ottar Rydjord

Den sikta og den avdøde skal ha høyrt til same vennekrets.

– Det gjer at klienten min tek denne saka ekstra tungt, seier Panzer Iversen.

– Kva var bakgrunnen for konfrontasjonen?

– Det kan eg ikkje gå inn på, seier forsvararen.

Har avhøyrt ein rekke vitne

Det er politioverbetjent og etterforskingsleiar Kjell O. Moen ved Molde politistasjon som leiar etterforskinga. Politiet har søndag gjennomført avhøyr av den sikta 23-åringen. Moen vil ikkje kommentere kva som skal ha skjedd då 21-åringen mista livet.

politioverbetjent og etterforskingsleiar Kjell O. Moen

Etterforskingsleiar Kjell O. Moen vil ikkje uttale seg om gangen i kva som skal ha skjedd søndag.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Den sikta har forklart seg om si involvering i saka, men eg vil ikkje gå nærare inn på kva han har sagt, seier etterforskingsleiaren.

Moen bekreftar likevel at dei to skal ha vore kjenningar.

Politiet gjekk søndag formiddag ut og bad alle som var på samfunnshuset i Åndalsnes natt til søndag om å melde seg. Det same gjaldt personar som har observasjonar eller har annan informasjon som kunne vere relevant for etterforskinga. Ein rekke personar skal også ha vore vitne til hendinga.

– Vi har så langt avhøyrt fleire vitne og vil halde frå med det arbeidet søndag kveld og måndag, men vi ber framleis om at eventuelle vitne melde seg til oss, seier Moen.

– Stemmer vitneforklaringane med det den sikta har forklart?

– Det vil eg ikkje gå inn på, seier Moen.

Obduksjonen blir viktig

Påtaleansvarleg har så langt ikkje bestemt seg for om mannen skal varetektsfengslast. Det vil bli vurdert i løpet av kvelden.

Molde politistasjon

Den sikta 23-åringen vart frakta til Molde politistasjon for avhøyr.

Foto: Remi Sagen / NRK

Politiet har avslutta dei kriminaltekniske undersøkingane på staden, og skal no bestemme vegen vidare i etterforskinga.

– Vi skal no gå gjennom det vi har samla inn og ta stilling til det vi veit så langt. Ut ifrå det vil vi vurdere kva arbeidsoppgåver som blir prioritere utover kvelden, seier Moen.

Det er så langt ukjent kva som er dødsårsaka.

Den 21 år gamle avdøde mannen frå Åndalsnes er brakt til St. Olavs Hospital i Trondheim der han skal obduserast for om mogleg å fastslå dødsårsaka.

– Obduksjonen måndag vil vere sjølvsagt vere ein viktig del av puslespelet, seier Moen.