Hopp til innhold

Gamalt lagerrom vart buldreri

På Fiskå i Vanylven vart eit gamalt lagerrom gjort om til eit "buldreri" for ungdomar. Det tok 800 dugnadstimnar og ein del pengar for å få det til.

Ungdomar buldrar på Fiskå i Vanylven.

Buldring er klatring utan tau. Ofte skjer dette utandørs på store steinar, men i Vanylven er det bygd eit rom der ein kan buldre seg gjennom mange ulike klatreruter. Det er god sikring med ei stor matte på golvet, og det er ikkje alt for høgt opp til taket, som for øvrig også vert brukt som klatrerute.

Det er ekteparet Janne og Lars Jonasmo som er ansvarlege for prosjektet og som er instruktørar. Begge dreiv med buldring i Bergen før dei flytta til heimstaden til Janne.

Ekteparet Janne og Lars Jonasmo

Ekteparet Janne og Lars Jonasmo.

Foto: Arne Flatin / NRK

Janne fortel at det er brukt opp mot 800 dugnadstimar for å få til prosjektet. I tillegg har dei henta støtte økonomisk frå ulikt hald.

Godt miljø

Kvar onsdag er det buldrring i det intime romet. To jenter og fem gutar er på plass denne dagen, og det vert klatra i ulike ruter som er markerte på veggane. Humøret og miljøet er godt og ungdomane ser ut til å ha det kjekt.

Buldring er krevjande fysisk og ein må vere både smidig og sterk. Vanskegradene på dei ulike rutene på veggane varierer. Dei ivrigaste klatrar heilt oppunder taket.

Buldregruppa på Fiskå

Buldregruppa er i gang med dagens økt.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL