Ski-VM frå spesialkamera

Multimediaselskapet Fuglefjellet er tatt ut til ski-VM i Oslo i februar. Men i staden for ski og stavar, stiller dei med ei kule på 38 kilo montert under helikopteret.

Video b3742538-a14a-4c6f-ad78-c6d849e086d8.jpg
Videokamera under helikopteret

Kameraet i kula er stabilisert med fem gyroar.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ålesunds-firmaet var med under prøve-VM tidlegare i år for å gjere seg kjent med området. No er det trening over Å lesund, og det er nettopp det som har skaffa Fuglefjellet VM-jobben.

Arbeidsprøvene er etter kvart mange. Fuglefjellet har hatt kamerakula i to år, og har fått sitt største prosjekt med ski-VM.

Leif Holand

Leif Holand ved redigeringsutstyret.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

- Dette er svært viktig for prestisjen vår. Med eit Ski-VM på CV-en får du tillit - og det er det vi lever av i filmbransen, seier aerial manager i Fuglefjellet, Leif Holand.

Teknologien er den same som vart brukt under Vancouver-OL tidlegare i år. Og med millionar av sjåarar blir området rundt stadion like viktig for Noreg.

- Det som er spesielt med VM i Oslo er at løypene ligg så nært byområdet at vi kan koble bilda med kvarandre, seier Holand.

Siste video/lyd

Russebilane som no er på veg til årets største russetreff på Lillehammer, er dekorert på ein måte som profilerer sex og fyll.
Gjennom dei siste åra har tradisjonen med fokus på yttergrensene vorte stadig sterkare. No har det gått for langt meiner mange.
Det franske filmselskapet Nuit de la glisse lagar oppfølger til ekstremsportfilmen Dont crack under pressure
Kunstner Inga Dalseg har fått en merkelig kopieringsjobb. MYe av det hun bruker vil nok overraske mange at er i handel.