Hopp til innhold

Flåtten truar sauenæringa

Bønder opplever høge tapstal på sau på grunn av flått.

Sauer på sommerbeite
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

På fleire gardar er opp mot 80 prosent av buskapen sjuk. Eit nytt forskningsprosejkt skal redde næringa.

Ikkje forsvarleg

- Eg synes det er trasig og trur ikkje ein kan halde fram med sauehold med omsyn til dyreveferdet om vi ikkje finn forebyggande tiltak mot dette, seier bonde og vetrinær Kristin Sørheim.

Lise Grøva, stipendiat ved Bioforsk.

Lise Grøva, stipendiat ved Bioforsk.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Ho har 230 lam på garden hennar i Torjulvågen i Tingvoll. 55 av dei har vore sjuke.

- Det ser ut som det har endra seg dei siste ti åra, seier Lise Grøva, stipendiat ved Bioforsk.

- Når ein har gardar som har over 30 prosent tap av lam er det ikkje forsvarleg å drive med beiting.

På berre eit lam vart det funnen over hundre flått. No blir sauen overvaka ved hjelp av radiobjeller for å finne årskaka til det store omfanget av flått-båren sjukdom.

Kristin Sørheim, sauebonde og vetrinær

Kristin Sørheim, sauebonde og vetrinær.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Større trussel enn bjørn

Kristin Sørheim vurderer å slutte med dyrehald om det ikkje blir ei løysing på problemet.

- Vi trur at i Møre og Rosmdal og i mange av kystflyka er dette vesle rovdyret flått ei mykje større fare for sau på beite enn dei store rovyra, seier ho.

- Vi trur den er ein trussel mot sauenæringa i heile kyst-Norge med dei konsekvensane det har for busetjing og kulturlandskap, til og med reiseliv om ein vil dra det så langt.

Mange vil drive med sau, men bøndene fortviler når opp mot åtti prosent av sauene er sjuke.

- Når tapet blir opp mot 25 - 30 prosent så må vi vurdere å nekte husdyrhald, seier Sørheim.

Flått

Over 100 flått vart funne på eit lam.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL