Besøket startar i Kristiansund i morgontimane. Der får statsministeren og følgjet hennar orientering om utbygginga av naudnett i Noreg og då særleg status for arbeidet i Nordmøre og Romsdal. Statssekretær Rolf Erik Tveten ved statsministerens kontor seier dette er eit tema som har særleg fokus denne hausten.
– Beredskap er noko vi er opptatt av, og politistasjonen i Kristiansund er langt framme i arbeidet med å få på plass betre kommunikasjon, seier han til NRK.
Arbeidstrening og kamp mot radikalisering
I Molde er det brukarstyrt senter som får besøk. Dette er ei bedrift som driv eit trykkeri og som tilset menneske som elles ville stått utanfor arbeidslivet.
I ettermiddag går turen vidare til Ålesund, der Solberg skal delta på konfliktrådet sitt seminar for ungdomsoppfølging og ungdomsstraff.
– Erna Solberg har eit spesielt fokus på arbeidet mot radikalisering, og det er dette ho skal snakke om på dette møtet, seier Tveten. – Det er viktig å skape gode lokalsamfunn som gjer at ungdom kjenner seg heime og ikkje kjenner seg freista av ekstreme idear og radikale miljø.