Hopp til innhold

Ei kvinne er sakna i Stranda:

– Me har igangsett ein leiteaksjon, og me har kalla ut 15 stykk frå Røde Kors, og Norske redningshunder, seier Ole Bjørn Harang i Sunnmøre politidistrikt til NRK. Kvinna er 25 år, er utanlandsk statsborgar, er circa 170 cm høg, har lyst langt hår, og er iført beige jakke med oransje ermar og grå bukse. Kvinna vart sist observert i Standa sentrum, og vart meldt sakna rundt klokka 18.00. Politiet ber om tips i saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL