Hopp til innhold

Driv barnehage for firbeinte

Dei hentar hunden om morgonen og leverer han sliten og fornøgd på slutten av dagen.

Det kan vere tøft å forlate den firbeinte bestevennen heime når ein drar på arbeid om morgonen, for mange hundar likar slettest ikkje å tilbringe mange timar aleine kvar dag. Det har Egil Fjellheim og Maria Tandstad oppdaga, dei har drive Solhaug hundepensjonat med barnehageordning i snart fire år.

Nytt tilbod

Tilbodet har blitt så populært at dei innførte ei ny teneste i haust, nemleg henting og bringing.

– Vi kjem og hentar hunden om morgonen, og leverer han på kvelden. Til no har hentestaden vore på Moa, men vi skal snart utvide til bysentrum og Ellingsøy.

Unikt

Det finst fleire hundepensjonat i området, men Fjellheim meiner bestemt at dei er einaste pensjonatet som hentar og leverer.

– Det var mange som kika rart på oss då vi skulle starte opp her og lurte på kva vi haldt på med for noko. Tilbodet har fungert veldig bra for dei som nyttar seg av det, seier Fjellstad.

Ferdig trent

Kanskje kan eigarane og sleppe det dårlege samvitet som gjerne snik seg på når hunden kjem tassande med bandet i munnen og bedande auge. For etter ein dag i barnehagen er det ikkje umogleg at hunden vel sofakos framfor tur og trim.

– Når dei er her sosialiserar dei seg med andre hundar, spring og leikar nesten heile dagen. Når eigaren er ferdig på jobb er hunden ferdig trimma, sliten og nøgd, lovar Fjellstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL