Hopp til innhold

Bruaset om portrettet av Dronning Sonja

Oddgeir Bruaset fortel om korleis det var å portrettere Dronning Sonja både i den vestlandske og den nordnorske fjellheimen.

Dronning Sonja på Husfjellet ved Senja sammen med Der ingen skulle tru-teamet fra NRK.

Her er NRK-gjengen saman med Dronning Sonja på Husfjellet på Senja under opptak til portrettet.

Foto: Marianne Hagen ved det Kongelige Hoff

Oddgeir Bruaset i redaksjonen til NRK Møre og Romsdal i Ålesund

NRK-veteranen Oddgeir Bruaset har jobba med eit portrett av Dronning Sonja dei siste åra. I kveld blir det sendt på tv.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Oddgeir Bruaset har gjort ein heil del sidan han starta i NRK for 43 år sidan, og «Der ingen skulle tru ...» er nok programmet som er mest kjend. No er han pensjonist, men arbeidet hans lever framleis. I kveld er det duka for eit av høgdepunkta til veteranen når «Fjelldronninga» skal gå på NRK1.

Bruaset fortel at programmet handlar om Dronning Sonja og hennar forhold til norsk natur. Den spreke dronninga er spesielt glad i vestlandsk og nordnorsk natur, og går der fleire gonger i året.

– Eg ville ikkje ha tatt opp kampen med henne, seier Bruaset, og legg til at han har vondt for å tru at mange på hennar alder klarer å halde følgje med henne.

Imponert av dronninga

Ho er ei ekte friluftsdronning, og joggar saman med venner eit par gonger i veka. Under opptaka til Fjelldronninga avslører Bruaset at han fekk vere med henne på trening. Det kan ein mildt sagt kalle majestetisk, meiner han.

– Å sjå henne jogge på dårlege stiar så søla skvett, ja, då blir ein imponert.

Opptaka til programmet starta i 2012 og dei siste vart gjort i år. Bruaset hadde eit ønskje om å vere med dronninga både til Vestlandet og til Nord-Norge, og trass dronninga sitt tette program har dei klart å få ferdig portrettet som blir sendt på NRK1 i kveld.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL