Hopp til innhold

Brann i trafostasjon i Ålesund

Etter eit straumbrot og melding om brann har både brannvesen og politi rykka ut til ein trafokiosk i Ålesund sentrum.

Created by InfoDispatcher

– Det er truleg brann i ein trafostasjon i Nedre Strandgate i Ålesund, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Jon Bratland til NRK.

Klokka 19.50 var politiet på veg til staden.

– Brannvesenet med røykdykkarar er på staden, og litt tid tilbake byrja dei å gå gjennom området. Det er ingen open eld, seier Bratland klokka 20.00.

Melding av stort kaliber

Både brannkorps, politi og ambulanse har rykka ut til staden, men det skal ikkje vera snakk om opne flammar.

– Når me fekk meldinga var den av eit slikt kaliber at me trykte på storknappen, og då er det betre å byrje med stort og trippelutrykking, seier Bratland klokka 20.00.

– Me har vore i kontakt med dei fleste bebuarane i området og har bedt dei om å lukke vindua, seier han.

Fleire bygg i området skal ha vore ramma av straumbrotet.

Laster Twitter-innhold