Hopp til innhold

Bonderoman fall i smak

Øystein Orten vil ikkje vere forfattar på heiltid trass i stor suksess med romanen om sunnmørsbonden Rasmus Bust også kalla Rebellen.

Øystein Orten snakkar om boka si om Rasmus Rebellen.

Orten er lektor ved Ulstein vidaregåande skule, men har to "forfattardagar" i veka heime på Hareid. Han har gjeve ut fleire bøker og seinast historia om Rasmus Bust.

Av opplaget på 2000 bøker frå Samlaget er det ikkje meir enn eit par hundre att. Boka har fått strålande kritikkar frå fleire hald, seinast frå VG og Tom Egeland som rulla terningen til ein femmar.

Salet av boka gjekk sjølsagt for fullt i tida fram mot jul. No, nokre veker seinare, kan Orten slå fast at dette er noko som har falle i smak hos mange.

Kyrkjegarden på Hareid

Kyrkjegarden på Hareid. Den noverande kyrkje er sjølsagt ikkje frå 1600-talet, men i romanen skjer delar av handlinga på kyrkjegarden her.

Foto: Arne Flatin / NRK

NRK møter lektoren og deltidsforfattaren på kyrkjegarden på Hareid. Ein av fleire stader på Sunnmøre som står sentralt i romanen om Rasmus Bust. Øystein Orten fortel korleis han har brukt lang tid på å verte kjend med tidsepoken handlinga skjer i. Det vil seie perioden frå slutten av 1500-talet til etter 1650.

Svolt og fattigdom

Ei tid som var prega av hardt arbeid, svolt, fattigdom og ein kamp for å overleve. Dei dansknorske kongane var stort sett populære hos bøndene langs sunnmørskysten, men det var ikkje futane. Mange var dei futane som truleg tok seg til rette for å fylle eigne lommer med meir eller mindre rettferdige skattar og avgifter.

Rasmus Bust var ein av dei som hardast opponerte mot det han og mange andre oppfatta som urettferdige skattar. Dermed fekk han ein sterk posisjon i lokalmiljøet.

Historia om Rasmus Bust er interessant og Orten skriv levande og godt og skildrar liva til folket på ein fin måte. Dei knapt 300 sidene vart lesne av journalisten på nokre få timar og det var sjeldan eller aldri ei kjedeleg side.

Orten og Goksøyr med visa om Jo Jamt

Øystein Orten og Odd Goksøyr har laga visa om Jo Jamt.

Foto: Arne Flatin / NRK

I romanen er historia om Jo Jamt sentral. Orten har saman med lektorkollega Odd Goksøyr dikta ei vise om svensken som busette seg på Sunnmøre, men som opponerte mot styresmaktene og difor måtte bøte med livet.

Orten har skrive teksta, Goksøyr melodien (delar av visa kan ein få med seg i videoen i artikkelen).

Bøndene protesterte mot behandlinga dei fekk og sende klagebrev til Christiania eller tok turen heilt til Københamn. Dei hadde trua på ein rettferdig konge trass i at futane ikkje var godt likte.

Øystein Orten har brukt mykje tid og krefter på denne boka, han er usikker på kva som vert det neste han kjem til å skrive. Men at han kjem til å kome med fleire bøker enn dei han så langt har laga er det grunn til å rekne med.

Øystein Orten

Øystein Orten kan vere godt fornøgd med romanen om Rasmus Rebellen.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL