Hopp til innhold

Biltjuveri og villmannskøyring

Ein 18-åring frå Nordmøre er varetektsfengsla i fire veker, sikta for biltjuveri, vald mot offentleg tenestemann og narkotikalovbrot.

18-åringen motsette seg varetektsfengsling, men dommaren meiner det er stor fare for at han kan gjere fleire lovbrot.

Han vart pågripen av politiet etter at han køyrde villmann gjennom fleire bustadområde i Kristiansund i ein stolen bil natt til 1. mai.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL