Hopp til innhold

Årets bedrift

Propellbedrifta Brunvoll i Molde mottok i dag prisen som Årets bedrift 2007. Brunvoll AS får prisen som ei bedrift med robust økonomi, og som har satsa på å bygge opp produksjonen lokalt.

Slik ser en propell helt uten aksling ut. Teknisk direktør i Brunvoll AS, Knut Andresen (t.v.) og ad
Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Leiaren i Nærings- og miljøutvalet, Oskar Grimstad (FrP), brukte mykje tid på å rose Moldebedrifta, og hevda at dei var i ein særklasse i år.

Audmjuk nestor

Årets bedrift
Foto: Trond Vestre / NRK

Styreleiar Arthur Brunvoll tok sjølv i mot prisen og han kallar utnemninga ein heider.

- Det er klart det er det, seier Brunvoll. Dette viser at vi er på rett veg i ein utruleg konkurranseutsett marknad.

- Bedrifta er med sine 96 år ei vaksen bedrift, men det betyr ikkje at vi ikkje treng inspirasjon, seier Arthur Brunvoll. Det at vi får denne prisen er nettopp det - inspirerande.

Selebert selskap

- Vi opplever denne prisen som høgthengande. Særleg når vi ser på dei bedriftene som har fått denne prisen tidlegare. Da er det natuleg for oss å vere litt audmjuk i dag, seier Artur Brunvoll.

Fylkesprisen Årets Bedrift er tidlegare tildelt følgjande bedrifter:

1991 : Talgø Møbelfabrikk AS, Surnadal kommune

1992 : Møre Trafo AS, Sykkylven kommune

1993 : AS Mørefly, Giske kommune

1994 : T. Skretting AS, Averøy kommune

1995 : Jets Vacuum AS, Hareid kommune

1996 : AS Olivin, Vanylven kommune

1997 : Ulsteinkonsernet, Ulstein kommune

1998 : Bussbygg AS, Molde kommune

1999 : Maritech AS, Averøy kommune

2000 : Ekornes ASA, Sykkylven kommune

2001 : I. P. Huse AS, Sandøy kommune

2002 : Berg Jacobsen Gruppen AS, Molde kommune

2003 : Hustadmarmor AS, Fræna kommune

2004 : Hydro Aluminium Sunndal AS, Sunndal kommune

2006: GC Rieber Oils AS, Kristiansund kommune

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL