Hopp til innhold

– Det dårlege vêret blir ein fordel

Hødd sine trufaste supporterar Blåsarane har stor tru på at sunnmørsvêret talar til ulsteinvikarane sin fordel, i oppgjeret mot kasakhstanske Aktobe. Motstandarane på si side fryktar ei søkkvåt Høddvoll-matte.

Blåsarane

Blåsarane vil ikkje la ruskevêret som er meldt til Hødd sitt oppgjer mot FC Aktobe legge nokon dempar på den historiske kampen. Anders Remøy Hasund (f.v), Kåre Henning Garshol, Marius Breivik og Hans Christian Ødegård trur heller vêret kan gi Hødd ein fordel.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK

Det må skrivast nok eit kapittel i Hødd si rike fotballhistorie, når kasakhstanske FC Aktobe er gjest i andre kvalifiseringsrunde til Europaligaen på Høddvoll.

Cupfinaletriumfen mot Tromsø på Ullevaal gav Hødd sjansen til å for første gong spele mot verkeleg store europeiske lag. Overraskinga var difor stor då totalt ukjente, kasakhstanske FC Aktobe blei trekt som motstandar.

Hødd sin tolvte mann, supporterane i Blåsarane, ser fram til den historiske kampen mot Aktobe. Pressetalsmann Kåre Henning Garshol var mellom dei som nærmast datt av stolen når resultatet blei klart.

– Eg håpa eigentleg på eit lag frå Tjekkia. Lenge før trekninga hadde eg ein draum om at vi måtte til Kasakhstan. Eg kan verkeleg ikkje fatte at draumen blei sann. Kjempeartig er det uansett, seier Garshol.

– Dritvêr passar oss bra

Vêrgudane har ikkje akkurat vist seg frå si beste side dei siste dagane, og utsiktene ser ikkje betre ut på kampdagen. Det gjer derimot lite for Blåsarane, som trur Hødd har ein fordel av den sunnmørske sommaren.

– Det gjer ikkje noko for oss om det bles frå alle kantar og regnar sidelengs. Slikt vêr er vi godt vande med. Dritvêr passar oss bra, og gir oss truleg ein fordel, seier Kåre Henning Garshol avlsutningsvis.

Kasakhstanarane fryktar regnet

Etter ein laglunsj torsdag føremiddag fekk Aktobe-spelarane gå fritt rundt om i Ulsteinvik. Aldan Baltayev og Askhat Taggbergen håpar begge på speletid mot Hødd, sjølv om dei ikkje anar kva for lag dei møter.

Det einaste Aldan og Ashkat visste om Noreg før dei reiste til Ulsteinvik, var at Manchester United-legenda Ole Gunnar Solskjær kom frå landet.

– Eg trur det blir ein bra kamp. Vi skal vise at vi høyrer heime i Europaligaen, seier Ashkat, før Aldan legg til:

– Vêret passar oss derimot svært dårleg. Heime i Kasakhstan er det alltid godt og varmt, og svært sjeldant så vått som det er her.

Aktobe mot Hødd

Aldan Baltayev (f.v) og Askhat Taggbergen legg ikkje akkurat skjul på at dei er spente før møtet med Hødd. Torsdag føremiddag var laget frå Kasakhstan på rundtur i Ulsteinvik, ein stad som duoen meiner skiljer seg klart ut frå noko dei har sett før.

Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll / NRK