12 år gamle Sander elskar å ta bilete

Sander Lødøen frå Valldal på Sunnmøre, er berre 12 år, men er allereie ein erfaren naturfotograf. Han ligg gjerne i telt i minus 10 grader for å få eit bra bilete.

Sander Lødøen - 12 år gamle Sander Lødøen har allereie fleire års erfaring som naturfotograf. - Foto: Vegard Lødøen /

12 år gamle Sander Lødøen har allereie fleire års erfaring som naturfotograf.

Foto: Vegard Lødøen

Sander Lødøen var berre åtte-ni år då han første gong vart med faren sin, Vegard Lødøen, ut for å ta naturbilete.

– Eg likar best å ta bilete av dyr, slik som ørn, tiur, hjort og rådyr, seier 12 år gamle Sander. Sidan pappa er ein ihuga hobbyfotograf, får Sander låne alt han vil av kamera og utstyr.

Tiurleik

Han har nettopp kome heim frå fototur i Lierne i Nord-Trøndelag. Det har vore ei kald oppleving å ligge i telt i minus 10 grader. Akkurat det bryr ikkje Sander seg noko om. Hans mål med turen var å få nokre bra bilete av tiurleik midt på natta.

– Det eg drøymer om er eit heilt fantastisk blinkskot. Det handlar om å sikte og skyte, fortel Sander. Ofte veit han ikkje om biletet er kanonbra, før han kjem heim og får det inn på datamaskina.

Orreleik - Dette er eit av bileta Sander har tatt. Det har blitt mange turar ut i naturen saman med pappa Vegard Lødøen. - Foto: Sander Lødøen /

Dette er eit av bileta Sander har tatt. Det har blitt mange turar ut i naturen saman med pappa Vegard Lødøen.

Foto: Sander Lødøen
Tolmodig

– Eg har sagt til Sander at han må ta enkle bilete i starten, men det har han ikkje høyrt på. Han vil gjerne ta bilete av dyr som er i rørsle og har faktisk lukkast, fortel pappa Vegard Lødøen, som sjølv starta å ta bilete for åtte år sidan.

Han trur det er Sander sitt blikk for detaljar og 12-åringen sitt store tolmod, som gjer at han imponerer andre naturfotografar.

Har trua

Naturfotograf Terje Sylte er ein av dei som blir imponert og har stor tru på Sander.

– Sander er ein utruleg dyktig fotograf, og har vore kjempeheldig med nokre av bileta sine, seier Sylte, som sjølv konkurrerer om å verte noregsmeister i naturfoto.

Tiur - Sander har vore på fototur i Lierne for å få med seg tiurleik. - Foto: Sander Lødøen /

Sander har vore på fototur i Lierne for å få med seg tiurleik.

Foto: Sander Lødøen
Konkurransar

Sander sitt aller beste bilete hittil er av ei havørn der vengene er i rørsle. Det biletet er så bra at han skal melde det på i ein fotokonkurranse hos BBC i England neste år. For å få delta i konkurransen er det eit krav om at biletet ikkje har vorte publisert i media tidlegare.

– Sander har fleire bilete som er så gode at dei kan vinne konkurransar. Det gjer meg sjølvsagt stolt og glad, seier Vegard Lødøen.

Korps og fotball

Sjølv har Sander eit avslappa forhold til det å vere naturfotograf.

– Eg vil ikkje nødvendigvis ha foto som yrke, men som hobby, seier Sander. Han spelar både fotball, går i korps og spelar i band, så han må ha tid til andre ting enn å ligge i skogen å ta bilete.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Siste video/lyd

Sjekk det været!
Slik er livet med ME
Tollåsenga skal bli verdige hjem igjen

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)