Hopp til innhold

- Folk gløymer å smørje seg når dei reiser på fjellet

Apotekar Angel Madrigal Santamaria i Ålesund meiner mange skientusiastar gløymer å smørje huda når dei reiser på påskefjellet. Det kan koste dei livet.

Påskesol

Påskesola kan vere like kraftig som sommarsola, ifølgje Kreftforeininga. Smørjing, er det som gjeld.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Kreftforeininga varslar med jamne mellomrom folk om å beskytte seg mot den deilige og farlege sola. Noreg er mellom landa der flest får føflekkreft, og dette er den kreftforma som har auka mest dei siste åra.

Les også:

Apotekar Angel Madrigal Santamaria i Ålesund trur mange gløymer å smørje seg i påska.

– Eg trur mange berre tenkjer på smørjing når dei skal til syden. Dei tenkjer ikkje på same måten når dei skal på fjellet eller på ski. Husk at sola no er den første vi får i år, og huda er ikkje klar. Difor må vi verne huda spesielt no i påska, seier Santamaria.

Les også:

Trur folk har blitt flinkare

Apotekaren i Ålesund trur likevel folk har blitt flinkare med åra, etter å ha fått meir informasjon om kor farleg solstrålane er.

– Generelt er folk no meir opptekne av helse og passar seg sjølve. No tek dei det nok meir alvorleg enn før, seier han.

Pass ekstra på ansiktet

Tjukke skikle gjer at dei livgjevande - og farlege - solstrålane ikkje slepper til overalt, men på ansiktet, brystet og armane. Her må ein difor passe ekstra på.

– Vi prøvar å varsle faren ved å sole seg. Husk å bruke solkrem med minst faktor 15-25, seier han. Apotekaren understrekar at kremen skal på ein halvtime før soling, og at det bør smørjast på eit ekstra lag etter eit par timar.

–Ta pause midt på dagen. I tidsrommet 12-15 er sola alt for sterk, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL