Møtet skulle i utgangspunktet handle om samhandlingsreforma, og det arbeidet som vert gjort rundt den. Det har også tidlegare vore møter rundt om i landet for å snakke om dette, fortalte ministeren.
Sjukehussaka har skapt store reaksjonar siste tida. Les meir her:
Men etter dei planlagte innleiingane vart det opna opp for spørsmål frå salen.
- Eg er skuffa
- Eg må dessverre seie at eg er skuffa over dialogen me har hatt, sa Arbeidarpartiordførar Bjørn Inge Ruset frå Norddal kommune. Han er også styremedlem i Møre og Romsdal Arbeidarparti.
- 17. juni inviterte du oss til dialog i høve prosessen fram mot avgjerd, fortalte han.
- Ikkje den beste avgjerda
I tillegg fortalde han om Ap-politikarane på Mørebenken som heller ikkje har vore involverte i prosessen.
- Eg trur ikkje den avgjerda som no ser ut til å vere teken er det beste for fylket, innbyggjarane eller partiet, sa Ruset.
- Eg beklager det sterkt, og håper du vil bruke tida godt i Molde i morgon, så me kan finne ei god løysing, seier Norddal-ordføraren.
- Tek det til etterretning
Tysdag møter helseministeren dei tilsette ved sjukehuset i Molde.
- Les meir:
Helseministeren svarte Ruset sin påstand med å seie at prosessen kan ha vore for dårleg, og at den kanskje kan bli betre i framtida.
- Lovnadene har vore ut frå økonomisk bereevne, sa Strøm-Erichsen.
- Helseføretaka sa at den økonomiske bereevna ikkje er til stades før i 2018, la helseministeren til.